Næringspris

På årsmøtet vert det delt ut ein næringspris. Prisen er meint som ein inspirasjon til næringslivet i kommunen, og skal vera eit heidersteikn til verksemda som mottek prisen.

Tildelingskriteriar

Prisen skal verte tildelt ei verksemd som har utmerka seg, og alle kan komma med framlegg til kandidatar.

Verksemda må vere medlem i Bømlo Næringsråd, drive næring med kontoradresse i Bømlo kommune, ha vore i drift i minst eitt år, og ha levert årsrekneskap.

Styret i Bømlo Næringsråd vel vinnaren av prisen saman med den som sponsar næringsprisen, og den vert delt ut på årsmøtet til næringsrådet.

Prisen er ei gåve laga av ein lokal kunstnar, til verdi av 5 000 kr. Næringsprisen vert tildelt ei bedrift som scorar høgt på eitt eller fleire punkt under:

  • Utmerka seg innan eit område
  • Skapar positivt omdømme for Bømlo
  • Viser evne til omstilling og/eller nytenking
  • Skapar nye arbeidsplassar og/eller byggjer ny kompetanse og/eller nye produkt/teknologi
  • Har god serviceinnstilling
  • Sterkt fokus på berekraft og miljø
  • Har levert ein ekstraordinær innsats eller presentasjon i året som gjekk

Nominer dine kandidatar her innan 1. februar.

Tidlegare vinnarar

Næringsprisen 2024 gjekk til Kulleseidkanalen Gjestehamn.
⁠Les meir om tildelinga her.

Sponsor av næringsprisen 2024 var Scale AQ.

Næringsprisen 2023 gjekk til Embicon.
⁠Les meir om tildelinga her.

Sponsor av næringsprisen 2023 var Napier.

Sjå alle nyhende