Workshop tilflyttarstrategi
For å jobbe fram gode innspel til arbeidet med ein tilflyttarstrategi til Bømlo, samla næringsrådet i dag ein tverrfagleg gjeng til workshop på kulturhuset, beståande av skuleelevar, næringslivsrepresentantar, politikarar, kommunetilsette, pensjonistar og frivillige.
LEVA Urban Design laga i vår ei spørreundersøking som har sirkulert rundt i fleire veker, og har dei siste vekene gjort ein formidabel jobb med å gjennomgå dei nesten 1300 svara som kom inn. Det var resultata frå denne undersøkinga som vart diskutert på workshop-en i kulturhuset i dag.
Kvifor lagar me ein tilflyttarstrategi?
Me bur på Vestlandet, i den mest verdiskapande regionen i Noreg, men det trugar mørke skyer i horisonten. Me lagar mindre ungar enn før. Samtidig er 1 av 5 i arbeidsfør alder utanfor arbeidslivet. I tillegg lever me lengre, så me får fleire eldre som har gått ut av arbeidslivet. Om 17 år, vil det vere to på jobb per pensjonist. Idag er talet fire.
Samtidig med at me blir fleire eldre og færre på jobb, så er det noko anna som skjer. Folk flyttar frå distrikta og inn til byane. Distrikta mistar folk og kompetanse. Og frå Vestlandet er det fleire unge som flyttar til Austlandet, enn omvendt. Kva vil skje med Noreg, om talet på folk i arbeidsfør alder i dei verdiskapande kommunane våre går ned? Korleis skal me då klare å sikre nok skatteinntekter til landet vårt, og føre velferdsstaten vidare, om ikkje me har nok folk som kan jobbe og drive verdiskaping ute i distrikta? Og kva vil skje med Bømlo og næringslivet her?
Problem med kompetanse og levande bygder
Det er allereie eit kjempeproblem for bedriftene på Bømlo å få tak i kompetansen dei treng. Og innbyggjarane merkar konsekvensane med til dømes kommunen sine forslag i fjor om alt frå skulenedlegging og sentralisering av omsorgsfunksjonar. Forslaga kjem fordi kommunen er nødt til å omstille seg til å møte dei endringane som treff oss dei neste 20 åra, der me får fleire eldre og færre på jobb. Men dei skapar naturlegvis mykje frustrasjon og sinne, då dei utarmar tilbod i bygdene våre.
«Kan me ikkje berre jobbe for å få fleire barnefamiliar til busette seg her i stadan for å legge ned skulen», var det nokon som kommenterte under debatten som oppstod i fjor. Godt forslag. Men korleis får me til det? Me har faktisk berre lukkast me 131 netto tilflyttarar til Bømlo sidan 1980. Skal me få fleire bømlingar framover, motverke trenden som statistisk sentralbyrå peikar på, og få fleire på jobb i forhold til talet på eldre, må me gjere noko me ikkje har gjort før.
Tilflyttarstrategien
I vinter gjekk 36 bedrifter saman og spleisa på å lage ein tilflyttarstrategi til Bømlo. Ein plan som skal hjelpe oss å gjere dei rette tinga for å bli ein mest mogleg attraktiv stad å bu, og få fleire til å busetja seg her, og jobba i bedriftene våre. Stadsutviklingsselskapet LEVA Urban Design er leigd inn til å laga strategien, då dei er ekspertar på nettopp dette.
Arbeidet med tilflyttarstrategien skal gje oss innsikt i kva det er me må jobbe med som kommune, som næringsliv og som innbyggjarar for at me skal bli ein stad enno fleire vil jobbe og busette seg på, enn i dag. At me klarar å ta vare på dei som veks opp her, slik at dei ønskjer å flytte heim att, ta vare på dei som kjem hit, gje dei gode stader å busetje seg, integrerer og inkludere dei, auke synlegheita våre, både til kommunen og næringsliv, og gjere Bømlo til «the place to bu». Slik at det i framtida og, skal vere godt å bli gamal på Bømlo.
Ikkje bevare - men utvikle!
Å få fleire til å velje Bømlo som sin heimstad i åra framover, er utruleg viktig for kommunen vår, og for næringslivet vårt. Skal me lukkast med dette, skal me ikkje bevare eitt einaste delsenter eller kommunesenter i kommunen vår. Me skal utvikle dei, alle saman, og ta dei inn i framtida. Og me skal gjere det i lag. Klarar me det, då får me ting til!
Tusen takk til alle som tok seg tid til å delta på workshop-en. Innspela som kom inn vil ha stor verdi i det vidare arbeidet med å utarbeide tilflyttarstrategien.