Wärtsilä kjem på heim igjen!

bilde
Foto: Jentene på workshopen rosar Wärtsilä for å vera ein god arbeidsgjevar. F.v. Bente Steinsbø, Britt Marit Gilje og Caroline Nesse. Bilete: Randi Olsen.

Wärtsilä er ein global marknadsleiar innanfor framdrift og kraftproduksjon til skip og energikraftverk. Verksemda har tradisjonelt hatt stort fokus på teknologiutvikling for å auka miljøprestasjonar hos kundane deira. Konsernet har 18.000 tilsette på over 200 lokasjonar i nesten 70 land. 

I Noreg har Wärtsilä fire dotterselskap: Wärtsilä Norway AS, Wärtsilä Gas Solutions AS, Wärtsilä Moss AS og Wärtsilä Valmarine AS. Totalt er dei rundt 1000 tilsette som leverer industrileiande produkt og løysingar for avanserte fartøy, flytande produksjonsplattformer, boreeiningar og til industrien.

Wärtsilä sin hovudaktivitet i Noreg er utvikling og sal av framdriftssystem, elektro- og automasjonssystem og navigasjonssystem for skip og offshoreinstallasjonar til kundar over heile verda. Dei tilbyr og ei rekke servicetenester til norske kundar som operer fartøy og borerigger heime eller i utlandet. Vidare utviklar og tilbyr Wärtsilä ei rekke miljøløysningar, som for eksempel eksosgassreinseanlegg og miljøombyggingar, og dei er leiande innan ulike system for gasshandtering for både marine- og industrisektorane.

Her i nærområdet har Wärtsilä ein avdeling på Heiane og ein avdeling på Rubbestadneset. Wärtsilä ser etter personar som er svolten på å utvikle seg, og som er fagleg interesserte. 

På Heiane er det behov for ingeniørar med kunnskap innan elektro og automasjon, system- og integrasjonsforståelse, samt kraftfordeling som EL-kraft. Wärtsilä er også interessert i studenter som tilegnar seg kunnskap om fuel, altså ulike drivstofftyper. Dei tar og gjerne imot ingeniører som ønskjer å skrive studentoppgåver innan disse fagfelta.

I Rubbestadneset treng dei til Workshopen fagarbeidarar innan fagområdet mekanisk. Dette gjeld både erfarne fagarbeidarar og lærlingar. For support til kundar word wide har dei behov for Sevice Engineers innan mekanisk, controls, fjernstyring og propulsion. Utover dette, åpner det seg innimellom stillingar der det er behov for teknisk ekspertise og ekspertar. Då innen forskjellige fagområder slik som teknisk, salg, services, engineering, finans, innkjøp og HR. 

Wärtsila har stillingar innan engineering og prosjektledelse som er opne heile tida som kan søkjast på. I tillegg tar dei inn studentar i sommarjobbar. Følg med på Wärtsilä sine karrieresider – og følg oss dei facebook og linkedin, for å sjå stillingar som opnar seg her i Norge. Du møter dei og på heim igjen 2023!

Sjå alle nyhende