Vestlandsmøtet 2025

bilde

Bømlo Næringsråd var representert på årets Vestlandsmøte i Grieg Hallen,Bergen fredag 10. januar.

Der var mykje godtfolk samla til ein dag med mykje informasjon,debatt og litt underhaldning.

Møtet vart opna av professor Jørn Øyrehagen Sunde som tala om Kven er Vestlendingen?

Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Davis velkommen

Erna Solberg var klar i sin tale til Vestlandsmøtet i Grieg Hallen. Erna var tydeleg på at skal Vestlandet utvikle seg og skal me klare å auke konkuransekraften må Hordfast på plass . Fleire tok til ordet for Hordfast blant anna ordførar i Sveio og leiar av Samarbeidsrådet i Sunnhordaland, Andre Mundal Haukås. Haukås tok i tillegg opp kraftsituasjonen i vår region, og betre kollektivtilbud. Byrådsleiar Christine Meier var også klar i talen om at Bergen skal ta meir ansvar og bidra til meir verdiskaping i heile regionen. Ho tala varmt for samanheng mellom nord og sør med ny infrastruktur(Hordfast) regionen treng meir kraft, vi må kjempe for å behalde arbeidskrafta på vestlandet.

Vinnar av Ol gull i bordtennis Tommy Urhaug var dagens opptur,ein fantastisk representant for Paraidretten.

Helene Seim direktør for Boliden Odda fortalte om norges største fastlandsinvestering.Boliden har investert 10 milliarder for å auke produksjonskapasiteten til 350.000 tonn zink. Interessant å høyre korleis dei har lagt om for å møte det grøne skiftet.

Dagen vart avslutta med BT sine kommentatorar Gerd Tjeldflott og Hans Mjelva, som driv podkasten nokon må gå. Dei hadde ei god oppsummering av dagen og kom med spådom om haustens valresultat....

Sjå alle nyhende