Næringsrådet på Vestlandsmøtet 2024

bilde
Foto: Nina Ingvaldsen

Forrige veke var Næringsrådet til stades på det årlege Vestlandsmøtet. Fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies inviterte inn representantar frå politikk, næringsliv og andre samarbeidspartnarar til ein konferanse med tema "Hastverk for eit berekraftig Vestland."

Innleiingsvis hadde Linda Eide eit informativt og godt innlegg der tilhøyrarane fekk betre kjennskap til vestlendingen og vinnar av Nobels litteraturpris, Jon Fosse. Deretter ønska fylkes- og varafylkesordførar velkommen, og gav ordet til næringsminister Jan Christian Vestre (AP).

Korleis me skal sikre eit berekraftig Vestland var det store fokuset for dagen, og tema som krisehåndtering, sikkerheit og beredskap, kunnskap, veribasert leiing, energirevolusjonen, kunstig intelligens, generasjonsskilnadar med meir vart reflektert.

Me fekk høyre frå fleire sterke stemmer, som Camilla Stoltenberg (Konsernsjef i Norce) og Liv Signe Navarsete (Statsforvaltar i Vestland) med fleire. Me høyrte òg innlegg frå ungdommar om kva som skal til for å få fleire unge til å bli verande på vestlandet, og Pinar Heggernes frå UiB gav oss litt bakgrunn og historie om kunstig intelligens (KI/AI).

Ein viktig møtearena for eit fylke som har hastverk og store ambisjonar. Me takkar så mykje for invitasjonen og ein lærerik og kjekk dag!

Sjå alle nyhende