Fleire bedrifter har vekstplanar - kompetansebehovet er stort

bilde
Foto: John Schnobrich, Unsplash

Næringsrådet har i vår gjennomført si årlege undersøking om yrker og kompetanse. Undersøkinga vert utført saman med Bømlo Opplæringskontor, for å kartlegge behov for kompetanse i medlemsbedriftene våre. Gjennom Næringsalliansen har me og jamlege "temperaturmålingar" hos medlemsbedriftene våre. I denne artikkel får du ei oppsummering om dei viktigaste resultata frå dei to undersøkingane våren 2024.

Kompetanseundersøkinga
⁠Oppsummert er det over 50 yrker som vert trekt fram som vanskelege å rekruttere til. Mange av desse er yrker som går igjen frå kompetanseundersøkinga me hadde i haust. Fleire nemner at det er utfordrande å få tak i både lærlingar, fagarbeidarar, ingeniørar og andre yrker. Dette gjeld både innan mekaniske fag, tømrarfaget, maritime fag, elektro og automasjon, helse, økonomi, IT, prosjektleiing mm.

Me har óg kartlagt kva kompetanse som bedriftene har behov for framover. Heile 33 % seier dei har behov for kompetanse innan digital kompetanse og kunstig intelligens. 15 % nemner at dei har behov for berekraftskompetanse og kompetanse om miljøpåverknad. Andre behov som er nemnt er innan juridisk/IP/avtalar, rapportering og administrasjon, samt energisystem.

Næringsalliansen si undersøking
Heile 27 % av bedriftene på Bømlo har planar om å auke talet på tilsette i året som kjem. Dette heng gjerne saman med at aktiviteten er stor, då om lag 50 % har kapasitetsutfordringar pga. mange oppdrag i mindre eller større grad. Samstundes svarar nærare 70 % at dei har utfordringar med tilgong på kompetanse, og dette viser at me må jobbe systematisk med å tiltrekke oss kompetanse i åra som kjem for at bedriftene våre skal kunne vekse i tråd med ambisjonane deira.

Vidareutdanne eigne for å styrke kompetansen
Bedriftene melder om at dei ønskjer å vidareutdanne fleire av sine eigne tilsette for å fylle inn kompetansegap dei har i eigne verksemder. - Me trur gjerne dette har høgt fokus no, då det er vanskeleg å få tak i nok folk i markanden, seier dagleg leiar Nina Ingvaldsen i næringsrådet.

I juni vil næringsrådet ha samling på Teknologisenteret, og der vil HVL vere til stades og informere om alle etterutdanningstilboda me har tilgang til i regionen og områda rundt. -Me håpar mange tek turen hit, og lærer meir om alle dei gode moglegheitane som finnes hos HVL.

Andre tilbakemeldingar frå bedriftene
⁠Andre utfordringar som verkar å råka ein stor del av bedriftene, er blant anna auka inflasjonspress, dyrare frakteprisar, høgt rentenivå, høge straumprisar og tøffe marginar på oppdrag. Når det gjeld framtidsutsikter er det likevel fleire positive signal frå bedriftene på Bømlo. Nær 80 % av bedriftene forventar lik eller høgare omsetning i år enn i fjor, og nær 70 % av bedriftene forventar likt eller betre resultat enn i fjor. Me hadde tilsvarande undersøking ute i haust, og då forventa om lag 70 % av bedriftene lågare resultat enn året før, så marginane peikar no i rett retning.

I år inneheldt undersøkinga og ein del om samferdsel. 80 % av bedriftene frå Bømlo svara at Hordfast er viktig for Vestland i Nasjonal transportplan. Dette er i tråd med signala me har fått i dialog med medlemsbedriftene våre, og bakgrunnen for at Bømlo Næringsråd har vald å fremja Hordfast inn i NTP.

Oppsummert
⁠Både i kompetanseundersøkinga og undersøkinga gjennom Næringsalliansen ser me at behovet for kompetanse er stort, og vil truleg ikkje bli mindre i åra som kjem. Det er likevel gledeleg at pila peikar oppover for fleire av bedriftene våre. Næringslivet på Bømlo er i positiv vekst, og me i næringsrådet kjem til å fortsette å jobbe systematisk med tilflytting og heimflytting for å auke tilgongen på kompetanse til bedriftene våre.

Sjå alle nyhende