Vegen vidare for meir nett og kraft til Bømlo

bilde
Foto: Dagleg leiar Tor Bjarne Smedsrud i Finnås Kraftlag. Bilete: Finnås Kraftlag.

På årsmøtet til Finnås Kraftlag la ein fram funna frå arbeidet om korleis sikre nok nett og straum til Bømlo. Bedrifter som treng meir enn 1 MW kraft, vil truleg ikkje få godkjent nytt forbruk før 2028. - Men me arbeider tett opp mot Fagne for å finne løysingar som opnar opp for nytt forbruk før dette, seier dagleg leiar Tor Bjarne Smedsrud i Finnås Kraftlag.

- Alle næringsaktørar i kommunen og regionen som treng meir enn 1 MW kraft framover, må søke! Det er søknadane mellom anna frå næringslivet som set i gang prosessar med å legge til rette infrastrukturen for auka forbruk, fortel Smedsrud. Søknadsskjema for Bømlo finn ein på Bømlo Kraftnett sine sider.

Det føregår ei storstilt elektrifisering av samfunnet, med mål om å redusere CO2-utslepp fram mot 2030 og 2050. Men skal ein nå måla, må nett forsterkast fleire stader, og meir kraft produserast. For slik stoda er no, styrer Noreg mot eit kraftunderskot i 2027.

Prosjektet til kraftlaget har vore eit kartleggingsprosjekt, og oppfølging etter samlinga Finnås Kraftlag, Bømlo kommune og BVA hadde i september i fjor. Nina Ingvaldsen frå næringsrådet har vore innleigd for å leie arbeidet, og har oppsummert alle funna i ein rapport. - Arbeidet er det første steget på vegen for å finne ut kva som skal til for at me skal sikre kraft til næringslivet i åra framover, fortel Smedsrud.

Årsaka til at det er krevjande å få tak i kraft er samansett, men dei to største flaskehalsane er 1) transformatorstasjonen på Stord og 2) mangel på kapasitet i ovanliggjande nett.

- Me i Sunnhordland har alle same utfordring med å få tak i kraft over 1 MW i åra framover, og må arbeide saman med å få på plass dei gode løysingane. Dette er løfta fram i rapporten til Finnås Kraftlag, men òg i ein regional rapport utarbeida av Invest in Sunnhordland, der me har delteke i arbeidet, fortel Smedsrud.

Klikk her for å sjå presentasjonen til næringslivet!

Finnås Kraftlag kjem til å arbeide vidare med følgjande:

  • Finnås Kraftlag og Bømlo Kraftnett fortset å halde trykket oppover mot Fagne og Statnett og deira arbeid med å finne løysingar for auke av kapasitet gjennom transformatorstasjonen på Stord
  • Finnås Kraftlag arbeider gjennom regionale aktørar i Sunnhordland og på Haugalandet med å halde trykket oppe på oppstart av ny kabel frå Blåfalli til Gismarvik
  • Bømlo Kraftnett samarbeider med Fagne om analyse av Sunnhordland Sør, for å finne beste løysinga for nok nettkapasitet til Langevåg
  • Finnås Kraftlag ser vidare på moglegheita for løysingar som kan produsere lokal, regulerbar kraft (generator, motor) på «den kaldaste dagen i året», ev. lagre kraft, med mål om at dette kan gje lokalt næringsliv moglegheit til å knytte til nytt forbruk
  • Bømlo kommune, innbyggjarar og næringsliv bør diskutere energiproduksjon på Bømlo
  • Ulike næringsområde bør sjå på korleis dei kan organisere seg for å bli krafteffektive industriområde

For meir informasjon eller spørsmål, kontakt dagleg leiar Tor Bjarne Smedsrud i Finnås Kraftlag.

Sjå alle nyhende