Utvida presentasjon av tilflyttarstrategien
I går var Aslaug Tveit frå LEVA Urban Design i kulturhuset for å presentere tilflyttarstrategien i sin heilskap. Om lag 70 frammøte frå næringslivet, lag og organisasjonar, politikarar, samt innbyggjarar elles var til stades for å høyre på kva me må arbeide vidare med for å bli ein enno meir attraktiv stad å bu.
Dei frammøtte fekk eit detaljert innblikk i kunnskapsgrunnlaget, inkludert resultat frå Bømloundersøkinga, før tilflyttarstrategien vart presentert. Aslaug starta det heile med å å dele noko av forskninga på kva som gjer at ein flyttar frå bygd til by, og frå by til bygd.
"Distriktene lagar ofte marknadsføringskampanjar som fremmar bygdakvalitetar som fin natur, nærleik til sjø og flotte tomter. I staden må me skape og marknadsføre urbane kvalitetar, som gjer at dei som flyttar til byen for å oppleve dette ser at dei kan få slike kvalitetar på Bømlo i tillegg til alle gode bygdakvalitetene som me har" seier Aslaug Tveit.
Resultata frå Bømloundersøkinga viser at eit fleital ønskjer seg fleire møteplassar og serveringsstader (kafear og restaurantar). Dette er eit eksempel på typiske urbane kvalitetar som LEVA Urban Design meiner me bør jobbe vidare med å utvikle på Bømlo. Totalt har dei strukturert tilrådingane inn under seks satsingsområde: mobilitet, sentrumsutvikling, bustadutvikling, arbeidsplassar, destinasjonsutvikling og inkludering.
Etter ein god og omfattande presentasjon frå Aslaug Tveit, vart fire bømlingar invitert opp for å dele litt av sine synspunkt. F.v: Morten Helland (Ordførar), Johanne Kristiansen (folkehelsekoordinator), Kristine Sele (engasjert pensjonist), og Hans Magne Stokka (dagleg leiar i Steinsbø Hus). Dei var samde i at arbeidet med tilflyttarstrategien er ein god start, og hadde fleire idear til korleis ein kunne jobbe vidare med områder som mobilitet, fritidstilbod og bustadutvikling.
Avslutningsvis orienterte Bømlo Kommune om pågåande planarbeid i kommunen. Dei frammøtte fekk ein leksjon av samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker på kva eit planprogram er, og korleis dei ulike planane i kommunen høyer saman. Kommuneplanen sin arealdel (KPA) er no ute på høyring, med frist til 03.04.2024. Planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) var ute til høyring med frist i starten av januar. Denne skal administrasjonen gå i gong med å revidere no. Meir informasjon om kommunen sine planar finn de her.
25. januar vil Aslaug Tveit ha ein ny presentasjon for allmennheita. Då kjem ho til Bygdatunet og presenterer arbeidet med Langevåg-delen knytt til den overordna tilflyttastrategien til Bømlo. Dette er finansiert av næringslivet på Langevåg. Meir om dette her.