Undersøking om yrker og kompetanse

bilde
Foto: Bømlo Næringsråd

Næringsrådet har i haust gjennomført ei undersøking om yrker og kompetanse. Behova næringslivet har spela inn gjennom denne undersøkinga, vert brukt i arbeidet inn mot skule og faget utdanningsval, samt for dimensjonering av skule- og studietilbod i kommune og regionen.

Undersøkinga me gjorde i august/september, er ei årleg undersøking me gjer saman med Bømlo Opplæringskontor, for å kartlegge kvar behova for kompetanse er for medlemsbedriftene våre.

Me har fleire møtepunkt mellom skule og arbeidsliv, frå grunnskule til vidaregåande, der me prøver me å løfte fram dei yrka der me ser bedrifter treng folk. Og då er slike kartleggingar på behova viktige. Resultata brukar me på fleire område.

Korleis me bruker innspela
⁠Innspela tek næringsrådet med seg mellom anna til det regionale kompetanseforumet leia av Samarbeidsrådet i Sunnhordland. Her deltek næringsråd, bedrifter, høgskule, opplæringskontor og andre aktørar frå regionen, og spelar inn kva behova er for kompetanse i dei ulike kommunane.

Innspela som kjem, vert teke med når mellom anna fylke og høgskular planlegg kva linjetilbod me skal ha i regionen. For det er næringslivet sine behov som er styrande for kva linjer me får. Både ved dei vidaregåande skulane, fagskulane og høgskulane.

⁠Me brukar òg resultata for å sikre at me gjer born og unge kjende med yrker som samfunnet har bruk for, og vil gje dei arbeid den dagen dei er ferdige på skule. Det er mykje spennande å velje i, og for dei som ikkje veit kva dei vil, kan det gjerne vere godt å ha litt rammer å førehalde seg til når valet skal takast.

I tillegg er det slik at skulane, kommunen, Bømlo Næringsråd og Bømlo Opplæringskontor legg til rette for at born og unge møter arbeidslivet på ulike møteplassar. Dette har ein gjort i mange år gjennom møteplassar som Ungt Entreprenørskap, faget utdanningsval, yrkesdag for 10. klasse, open dag på vgs og Utdanningsmessa.

Næringsrådet og Opplæringskontoret brukar innspela frå undersøkinga til å arbeide langt meir heilskapleg rundt desse møteplassane - i tett samarbeid med skulen, der me blir betre på å få fram til born og unge kva yrker som arbeidslivet treng framover.

Me har og ei langt sterkare koordinering av innhald på desse møteplassane, noko som vonaleg gjer desse til beter møtepunkt mellom arbeidsliv, born og unge, og gjer ungdommen vonaleg betre i stand til å gjere sitt utdanningsval når den tid kjem.

Og til sist må det seiast, at undersøkinga er noko me gjer kvart år for å fange opp endringar som skjer, men ein ting skal vere sikkert, det er vanskeleg å velje feil. På Bømlo har ein bruk for det meste!

Sjå alle nyhende