Undersøking om kostander straum og transport

bilde
Foto: Nikola Johnny Mirkovic, Unsplash

I september gjennomfører me ei undersøking blant medlemsbedriftene, for å finne ut meir om konsekvensane med dei høge straum- og drivstoffutgiftene.

Målet er å få fleire konkrete dømer og betre forstå utfordrignane til ulike verksemder i ulike næringsområde, og samstunes få betre inntrykk av kven foreslått straumstøtteordning vil hjelpe og ikkje.

Det er viktig at flest mogleg svarar på undersøkinga, slik at me har best mogleg underlag til å arbeide vidare med denne saka politisk. Undersøkinga finn du her.

Me har eit samarbeid i Sunnhordland om undersøkinga, då me ønskjer å løfte problemstillinga som ein av dei regionane Vestland fylke peikar på at må lukkast, for at Vestland skal lukkast.

(Og alle veit jo, at om Noreg skal lukkast, må Vestland lukkast, så då er det jo greitt å legge tilrette for at mellom anne me i Sunnhordland får det til!).

Sjå alle nyhende