Samling med Tech Cluster West og U37 Bømlo
Sist veke arrangerte Tech Cluster West og U37 Bømlo ei samling på Ståvo om teknologi og AI, med dyktige innleiarar og ein god dose mingling og nettverking.
Jan Tore Grindheim frå Fonn var hovudtalar og delte korleis han har nytta teknologi for å utvikle eit prosjektstyrings- og samhandlingssystem retta mot byggjebransjen. Han fortalde òg korleis dei i Fonn har implementert AI for å gje tilbakemeldingar til prosjektleiarar undervegs om kva tiltak som kan vere fordelaktige å implementere for å lukkast med prosjektet.
Robert Steinsbø frå LOS Marine heldt deretter ein lyntale der han fokuserte på segmentering og klassifisering i bildeanalyse. Det var opent for spørsmål frå publikum gjennom heile samlinga, og det vart gode diskusjonar mellom deltakarane om teknologi og AI generelt, korleis Jan Tore jobbar med dette i Fonn, og potensielle bruksområde for bildeanalyse.
Etter samlinga var det fleire som deltok på ein quiz på Hi Sio. Ingen av deltakarane gjekk kanskje heim som vinnarar denne gongen, men me håpar at dei lærte noko nytt både om teknologi og allmennkunnskap.