U37 skipar til bedriftsmangekamp for alle!
U37 Bømlo ønskjer å invitere alle medlemsbedrifter og tilsette i alle aldrar med på ein prøvesesong av vårt nye konsept «Bedriftsmangekamp».
Om konseptet
Bømlo U37 har tatt initativet til å arrangere ein prøvesesong av «Bedriftsmangekamp» (open for alle, sjølv dei over 37). Dette går ut på at ein konkurrerer mellom bedrifter i ulike øvelsar som ein bedriftsliga. Avslutningsvis vil me ha ein bankett der me kårer ein vinnar, samt deler ut andre markeringar som for eksempel beste samarbeid.
Det vil konkurrerast i fire øvelsar fram mot sommaren som ein prøvesesong. Øvelsane vil bli avslørt etter påmeldingsfristen, men eksempler kan vere: Volleyball, dart, trappeløp, frisbee, fotball, sjakk, orientering, friidrett, triatlon, stafett, padel, quiz, øksekast, skyting, svømming, badminton, golf.... Berre fantasien set grenser.
Målet er at ein skal kunne byggje lag innad i bedriften, samstundes som ein får møte folk frå andre bedrifter. Ein treng ikkje vera best for å vera med, her skalerer me øvelsar slik at alle skal klare å gjennomføre. Sjølv om det er konkurranse skal me ha det kjekt! Me oppmodar bedriftene til å dra med seg alle, inkludert nytilsette, heimflytta, tilflytta, pensjonistar, unge mm.
Lag
Det vil være 5 stk. per lag som får delta per konkurranse. Ein bør ha nokre ekstra deltakarar i reserve som ein kan ta med dersom nokon ikkje kan delta på ein øvelse.
Dersom ei bedrift ønskjer å vere med men ikkje har nok deltakarar til å danne eit lag, kan ein melde interesse til Bømlo Næringsråd så kan me prøve ål setje saman lag på tvers av bedrifter. Ein kan og sjølv ta kontakt med andre bedrifter og danne felles lag.
Det er mogleg å melde på fleire lag per bedrift dersom ein er mange som ønskjer å delta. Dersom ein melder på to lag, til dømes Eksempelbedrift 1 og Eksempelbedrift 2, kan ikkje den same deltakaran konkurrere for Eksempelbedrift 1 i ein konkurranse, og deretter Eksempelbedrift 2 i neste konkurranse. Ein kan ha ei felles reserveliste med deltakarar, men så snart ein er med og konkurrerer for det eine laget, kan ein ikkje konkurrere for det andre laget resten av sesongen.
Reglar
- Bedrifter må vere medlem i Bømlo Næringsråd.
- Alle må sørge for å ha nødvendige forsikringar i orden, anten gjennom jobben eller privat. Bømlo Næringsråd er ikkje ansvarleg for eventuelle ulykker.
- Nødvendig personleg verneutstyr til kvar sport må brukast (til dømes leggskinn i fotball).
Datoar for prøvesesong
- Fredag 22.03: påmeldingsfrist
- Onsdag 03.04, 18.00: øvelse 1
- Onsdag 24.04, 18.00: øvelse 2
- Onsdag 22.05, 18.00: øvelse 3
- Fredag 07.06, 20.00: øvelse 4 + bankett
Evaluering
Etter prøvesesongen vil me evaluere interesse, konsept, reglar, øvelsar, og ta imot generelle innspel til ein eventuell ny sesong. Me er og avhengig av at det blir danna ei styringsgruppe som kan være med å arrangere øvelsane.
Påmelding
Send bedrift og lagnamn til mari@bomlonr.no innan 22.03. Me treng ikkje oversikt over kven som skal vere med på laget. Pris per lag vert 1 000,- + mva. i prøvesesongen. Dette går til å dekke nødvendig utstyr, leige etc. Pris per påmeldt deltakar til banketten kjem i tillegg.