Tilskot - velkomstpakkar for tilflyttarar

bilde

Velkomstpakkar for tilflyttarar var eit av forslaga som kom opp under arbeidet med Tilflyttarstrategien. No har Bømlo kommune fått tilskot på 213.000 kroner frå Vestland fylkeskommune for å utvikla velkomstpakkar til tilflyttarar. Dette skjer som ein del av fylkeskommunen si støtteordning for berekraftig samfunnsutvikling.

Målet med velkomstpakkane er å gje nye innbyggjarar ei kjensle av å vera velkomne, samt hjelpa dei med å etablera eit sosialt nettverk i sin nye heimkommune. Dette gjeld både tilflyttarar frå andre delar av landet, frå utlandet, eller berre frå nabokommunar.

Velkomstpakkane er eit tiltak som skjer i samarbeid med grendautvala, lag og organisasjonar, kommunen og næringslivet på Bømlo. Kommunen treng å betra mottaket av tilflyttarar, og målet med velkomstpakkane er å utvikla ein felles kultur og rutinar for korleis tilflyttarar vert tekne imot. Dette omfattar alt frå kven som seier velkomen, til kva informasjon som er viktig å dela, samt korleis brosjyrar og materiell kan utformast.

Velkomstpakkane er eit av fleire tiltak som vart foreslått under arbeidet med tilflyttarstrategien, og dei skal vera eit bidrag til å skapa eit meir inkluderande samfunn i Bømlo. No startar arbeidet med å lage klar velkomstpakkane, og me håpar at næringslivet er behjelpelege med å bidra når det vert aktuelt.

Sjå alle nyhende