Tilbyr økonomitenester og -rådgjeving, òg i mindre skala

bilde

Signatur Management AS, som er eitt av selskapa eigd av Eidesvik Invest AS har, i tillegg til tradisjonelle rekneskapskontor-tenester, utvikla og tilbyr sine spesielle konsept for små og mellomstore bedrifter og for familieeigde selskap.

Som rekneskapskontor er ikkje Signatur Management det einaste, heller ikkje på Bømlo. – Her finst veldig mange, små og store rekneskapskontor, som tilbyr økonomisk rådgjeving og rekneskapstenester, seier dagleg leiar Signe Lund Jansen. – Me må jobba veldig for å markera oss blant desse.

Signatur Management har mellom anna utvikla eit tilbod for bedrifter som gjerne ikkje har behov for ei full økonomiavdeling, eller økonomisjef i full stilling. – Dei treng gjerne berre ein økonomimedarbeidar i 20 prosent stilling, og då kan me tilby dei det. Då kan dei «kjøpe» det dei treng av økonomiske tenester etter behov, som rådgjeving, budsjett, lønnskøyring, rekneskapsføring og analysar. Her hos oss har me den kompetansen som trengst for å utføra alle desse tenestene, seier Lund Jansen.

– Tek bedrifter i mot denne tenesta? Ho kommenterer at det kan verka som det er ein «barriere» ute i bedriftene for å «kjøpe» desse tenestene utanfrå, men at dei har tru på at det vil endre seg. Det er eit veldig press i arbeidsmarknaden etter den kompetansen me kan tilby, og ein skulle derfor tru det ville vere meir rasjonell utnytting av ressursane dersom denne kompetansen kunne delast mellom fleire.

Family-business

Signatur Management har og spesialisert seg innanfor det dei kallar Familiy Business. Det er retta mot familieeigde bedrifter og konsern, der det gjerne kan vera fleire greiner og fleire generasjonar av familien som er involverte i ulike delar av drifta. – I tillegg til dei tenestene som dei fleste rekneskapskontor driv med, har me eit framoverlent fokus på likviditets- og økonomistyring. Dette trur me er nøkkelen til at kundane våre skal få drive med det dei er gode på. - Det er ein tanke at dei i framtida også skal kunne utvikle selskapet til å kunne tilby tenester innan HR- og IT-området, fortel Lund Jansen.

Spennande framtid

Eit anna selskap i Eidesvik Invest AS er Klubben Eigedom As, der Signe Lund Jansen også er dagleg leiar. Dette selskapet har mellom anna kjøpt opp eigedommar i Hovlandshagen, og eig mellom anna området der Bømlo Skipsservice AS held til. Der er det planar om utviding, og samla sett er investeringane i Hovlandshagen på kring 105 millionar kroner.

– Me er veldig spente på utviklinga av industriområdet i Hovlandshagen. I dag er det om lag 50 tilsette hos Skipsservice, kring 40 hos Espevær Laks, og me reknar jo med at dette talet vil auka etter kvart som industriområdet utviklar seg og blir ferdig. Men her er også utfordringar, t.d. med tanke på straumprisar og korleis det utviklar seg, seier ho. – I våre verksemder gjer me etter beste evne dei grepa me kan, som f.eks å installere solceller på våre nye bygg.

Eigarskap

Eidesvik Invest AS er eigd av Bømmelfjord AS og Evik AS.

Eidesvik Invest AS eig mellom anna i desse selskapa: Bømlo Fiskerihamn AS, Hovlandshagen Molo AS, Eldøyane Næringspark AS, Bømmelhavn AS, Signatur Management AS, Sagafjord Seafarm AS, Klubben Eiendom AS, Eidesvik Neptun AS, AS Langevåg Senter, Eidesvik Eiendomsinvest AS, Eidesvik Offshore ASA, Såkorninvest II AS, Eidesvik Skikpsandel I AS, Eidesvik Neptun II AS, Bømlo Skipsservice AS, Atheno AS og Langevåg Bygdatun AS. Signe Lund Jansen er dagleg leiar for Eidesvik Invest AS, Klubben Eiendom AS og Signatur Management AS.

Sjå alle nyhende