Taxi 08181 kjem på heim igjen!
Taxi 08181 er den største drosjesentralen i Sunnhordland, og no treng dei fleire serviceinnstilte taxisjåførar på Bømlo!
Taxi 08181 utfører ca. 2000 kjøreoppdrag per døgn. Dei kjører fast for fleire store offentlege og private aktørar som Vestland fylke, Pasientreiser, Skyss, Tide, Kolumbus, Vy, Haugesund og Karmøy kommune. Dei har ein flåte på meir enn 130 kjøretøy. I dag er omlag halvparten av flåta elbilar, mens 40 bilar er tilrettelagt for rullestolbrukarar. Dei er miljøfyrtårnsertifiserte og har stort fokus på berekraft og miljø. Hovudkontoret deira ligg i Spannavegen 144 i Haugesund. Her har dei sentralbord, bussavdeling, teknisk avdeling, serviceavdeling og administrasjon.
Oppdragsmengden deira aukar og dei har ledige heiltids og deltidsstillingar som taxisjåfør på Bømlo. For å kjøre taxi hos dei, kreves:
- Førarkort klasse B.
- Kjøreseddel for personbefordring. Taxi 08181 dekkar utgifter til kjøreseddel dersom du ikkje har denne.
- Du må ha norskkunnskapar på nivå B1 (munnleg og skriftleg).
Taxi 08181 brenn for gode kundeopplevingar, og det er særs viktig at deira passasjerar får ei hyggeleg og trygg kjøreoppleving. Dei søker deg som er utprega servicevennleg, påliteleg, som trives med å væra i kontakt med menneske og som evner å bidra til å skape eit godt miljø på arbeidsplassen.
Send søknad og CV på hka@08181.no eller ta kontakt med dei på Heim igjen 2023!
Kontaktperson: Hanne Kallevik, HR- og kvalitetssjef i Haugaland Taxi AS