Næringsrådet på besøk hos Bremnes Seashore

bilde

Styremøtet for oktober vart halde hos Bremnes Seashore i Kvednavikjo. Her fekk styret ei omvisning innom visningsrommet til den nye kjøla deira i nybygget, og ein presentasjon frå Utviklingsdirektør Simon Nesse Økland for å bli betre kjend med konsernet.

Bremnes Seashore med sine 560 tilsette er til stades i 11 kommunar. Dei har totalt 21 konsesjonar og 23 lokasjonar i sjø. Ved deira topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer dei 500 000 laksemåltid kvar dag. Dei har høg fokus på fiskevelferd og satsar på innovasjon og teknologi i alle ledd i produksjonsprosessen. Heile laksen vert brukt, anten til humant konsum eller til andre produkt.

Bremnes Seashore har vore ein sterk støttespelar for Bømlo Næringsråd i ei årrekkje, og var ein viktig aktør då næringslivet mobiliserte for å redde yrkesskulen på Bømlo vgs. Bremnes Seashore er no ein viktig samarbeidspartnar for den nye akvakulturlinja på vgs, og driv undervisningskonsesjonen til skulen slik at elevane får oppleve oppdrett i praksis. Dette er eit eksempel på kva lokalt eigarskap kan bety for eit samfunn, saman med til dømes laksatrappene opp Siggjo.

Me er utruleg takksame for det gode samarbeidet med har med Bremnes Seashore, og for samfunnsengasjementet deira. Dei er ei viktig bedrift for bømlasamfunnet. Takk for at me fekk kome på besøk!

Sjå alle nyhende