Næringsrådet på besøk hos Atheno
Styremøtet for september vart halde hos Atheno, som held til Vabakkjen på Stord. Her fekk styret høyre frå dagleg leiar Astrid Kjellevold, og bli betre kjend med kva Atheno arbeider med som eit regionalt samarbeidsorgan.
Atheno er ei drivkraft for nyskaping i Sunnhordland, med mål om å auke innovasjon og verdiskaping i både nye og etablerte bedrifter. Gjennom å samle industrien på tvers av klynger, bransjar og kommunegrenser, byggjer Atheno nettverk som fremjar eit variert og dynamisk industrimiljø. Der Bømlo Næringsråd i hovudsak jobbar for samarbeid på tvers av bedriftene på Bømlo, jobbar Atheno for samarbeid på tvers av heile regionen.
Ein av hovudpilarane til Atheno er Atheno Inkubator. Inkubatoren er designa for å hjelpe oppstartsbedrifter og nye prosjekt med å utvikle seg og vokse. Inkubatoren tilbyr ulike ressursar og tenester, som rådgjeving, oppfølging, nettverk, verktøy, finansiell støtte mm. I tillegg er Atheno eit knutepunkt med ulike nettverkssamlingar og kurs. Dei er populære innan blant anna leiarutvilking og styrekurs.
Bømlo Næringsråd har god dialog og tett samarbeid med Atheno, blant anna gjennom prosjektet "Team Sunnhordland". Der møtes næringsråd, ordførarar og kommunedirektørar to gongar i året for å diskutere felles utfordringar og løysingar. Atheno er i tillegg Bømlo Kommune sin leverandør av 1. linjetenester innan næring. Dei tilbyr metodikk, verktøy og kompetanse for utvikling av idéar og selskap i tidleg fase.
Styret takkar Astrid og Atheno for at me fekk kome på besøk, og ser fram til å fortsetje det gode samarbeidet.