Studentsamarbeid rundt Stormhyttene

bilde

Me i Bømlo Næringsråd ønskjer at fleire bedrifter på Bømlo skal knyte kontakt med studentar under studieløpet. Gullvegen Gardstun med deira Stormhytter har gjort akkurat dette, og har i eitt år no hatt eit samarbeid med ein student innan marknadsføring.

Eit samarbeid mellom ei bedrift og ein student har fleire fordelar. Først og fremst trur me at dersom bedriftene er meir proaktive når det gjeld å knyte kontakt med studentar, styrkar me sjansen for at fleire flyttar heim igjen til Bømlo og byrjar i jobb her etter endte studiar. I tillegg gjer ein unge verdifull relevant erfaring under utdanning, samstudes som bedrifter får tilgong til engasjerte studentar og deira nyskapande idear.

Gje studentar arbeidserfaring og -praksis

I fjor vår tok Sindre Larsen, leiar på Gullvegen Gardstun, kontakt med næringsrådet. Dei hadde behov for å knyte til seg nokon innan marknadsføring til å drive fram det unike overnattingstilbodet deira i Stormhyttene, og tenkte at dette kunne vere ein flott moglegheit for ein student til å få seg litt arbeidspraksis under utdanning.

- Me på Gullvegen har som mål å skape eit positivt første møte med arbeidslivet og arbeidsplassen vår. Dette inkluderer spesielt unge under skuleløp og utdanning. Ved å tilby dei ein trygg og lærerik arbeidsplass og eit støttande arbeidsmiljø, ynskjer me å gje unge ein verdifull start på karriera si, førebu dei godt for framtidige arbeidssituasjonar, og gje dei moglegheiter for gode referansar, seier Larsen.

Næringsrådet hjelper med å finne kandidatar til bedrifter som ønskjer student

Gullvegen Gardstun kontakta Bømlo Næringsråd til å få tak i ein student gjennom næringsrådet sitt nettverk, og ikkje lenge etterpå blei Jenny Frimannslund tilsett av Sindre.

Jenny studerer marknadsføring og salsleiing på Kristiania i Bergen, og var på tilsettingstidspunktet ferdig med første året på bachelorgraden. Ho er sjølv oppvaksen ikkje langt i frå Stormhyttene, og hadde eit ønskje om å bidra til å marknadsføre den unike overnattingsopplevinga. I omtrent eit år no har Jenny har ansvar for å skape og publisere innhald på deira kanalar på sosiale medier. Mari i næringsrådet har bistått som rådgjevar rundt kommunikasjonsstrategi og innhald.

Jenny og Sindre med deira nyinnkjøpte drone som Jenny skal bruke til foto og video av Stormhyttene.

- Det å få jobbe med noko så spanande på heimplassen min er noko eg er veldig takksam for. Det har vore eit godt samarbeid, og eg har fått eit stort spelerom for utvikling. Eg får prøve meg fram for å finne ut kva som fungerer og ikkje, det er litt "prøve og feile" prosess. Det har vore utrulig lærerikt, og ei erfaring eg ikkje ville ha vore forutan. Me har gjort mykje bra med Stormhyttene, men det er mykje meir potensiale for utvikling som eg gler meg til å jobbe vidare med, seier Frimannslund.

Studentar er verdifull og kompetent arbeidskraft

Sindre deler den gode erfaringa. - Gjennom samarbeidet med Bømlo Næringsråd og Jenny, har me på garden fått ein kjemperessurs som har vore til stor hjelp gjennom vårt marknadsføringsarbeid. Der ho blant har organisert og starta SoMe kanalane til Stormhyttene. Der ho har fått moglegheit og spelerom til teste, kva som funkar og ikkje, heilt frå starten av. Her har ho fått jobbe med situasjonar og oppgåver som er relevant for si utdanning, som me håpar er gode byggeklossar for hennar veg vidare. Kort oppsummert har dette vore ein "Vinn - Vinn" situasjon for oss, og stor takk til Bømlo Næringsråd som har vore ein stor støttespelar og organisator i dette samarbeidet, seier Larsen.

Dette samarbeidet har vore eit fint "pilotprosjekt" for oss i næringsrådet, som me ser har fungert godt. Me vil oppmoda andre medlemsbedrifter til å tenkje som Gullvegen Gardstun! Tusen takk for eit godt samarbeid til no.

Sjå alle nyhende