Straumprisane skapar problem for lokalt næringsliv

bilde
Foto: Nikola Johnny Mirkovic, Unsplash

Bømlo Næringsråd hadde i veke 2 ei undersøking blant medlemmane om korleis straumprisane påverka deira drift. 63 % av bedriftene som svara, peikar på at straumprisane påverkar i stor grad.

Bygg- og anleggsbedrifter, handel og service, reiseliv, handverksbedrifter, verkstadindustri, reiarlag, kulturnæringa og bedrifter innan havbruk og fiskeri ser at dei får ein reduksjon i konkurransekrafta si på kortare sikt, og at prisane på produkt og tenester til sluttkunden går opp.

– Slik situasjonen er no, er det svært viktig at privathushaldningar får støtte til høg straumrekning, slik at kjøpekraft i størst mogleg grad vert oppretthalde, seier Lars Magne Halleraker i Auto Service. – Me er eit etablert firma som kan bere kostnadsauka gjennom oppsparte midlar, men for nyetablerte selskap vil eg tru straumprisane råkar hardt.

Og det har Halleraker rett i. Undersøkinga næringsrådet har gjort, viser at bedrifter i oppstartsfasen fryktar at straumprisane vil gje dei negativt resultat, i tillegg til redusert konkurransekraft, og lite eller inga kapital til å utvikle verksemda vidare.

– Dei høge straumprisane kan resultere i at eg må kutte ut merkjevara mi i år, som er urteproduksjon. Det vert for dyrt. Eg vil heller ikkje kunna
produsere småplanter til grønnsaksproduksjon, og berre sitje att med eit kort produksjonsinterval sommarstid, fortel Gina Digernes i Sikje småbruk. – Siste åra har me gjort mange investeringar for å få dette til å bli ei lønnsam bedrift, og arbeidsplassar for fleire enn meg. Nett no er eg redd eg ikkje kjem til å lukkast fordi straumprisen tek knekken på livsverket mitt. 

På Bømlo er det mange bedrifter som hevdar seg internasjonalt, grunna høg kvalitet på produkta sine, og kompetanse i verdsklasse. Men med dei høge straumprisane og reduksjon i konkurransekrafta, er aktørane spente på kva konsekvensar dette vil gje i tida framover. – Særleg at desse bedriftene no får mindre pengar til innovasjon og utvikling, er noko som uroar oss i næringsrådet, fortel leiar Nina Ingvaldsen. – Me er inne i ei energiomstillingstid, og skal norsk næringsliv henge med, må bedriftene ha kapital til å drive nyskaping og innovasjon. Då blir det heilt feil at dei som til dømes skal vere med å utvikle framtidas energiløysingar skal haldast igjen av høge straumprisar i dag. 

Bømlo Næringsråd er medlem av Næringsalliansen, og har saman med dei andre næringsråda i Vestland fylke, signert eit opprop til myndigheitene om å mellom anna å få på plass ei kompensasjonsordning for høge straumprisar til næringslivet. – Me vonar me blir høyrde, og at ei løysing er på plass snarleg. På denne måten kan me oppretthalde aktiviteten i arbeidslivet vårt, og bruke pengar som no går til straum, til å utvikle bedriftene og skape gode og framtidsretta arbeidsplassar. 

Sjå alle nyhende