Status i medlemsbedrifter ved inngangen 2024
Gjennom Næringsalliansen gjennomfører Bømlo Næringsråd jamlege undersøkingar blant medlemsbedriftene våre. Her får me innblikk i resultata frå vår kommune, og dei samla resultata frå næringsråda i Vestland. I denne artikkelen presenterer me nokre av funna frå dei 47 bedriftene som svara denne gongen.
Bedriftene som har svara på undersøkinga, trekkjer fram betre tilgang på kompetent arbeidskraft, meir føreseielege rammevilkår og tettare nettverkssamarbeid for bedriftene som dei tre viktigaste faktorane for å styrkje konkurranseevna for si bedrift. I tillegg vert støtteordningar løfta fram som viktige for å utvikle selskap vidare.
Halvparten av bedriftene peikar på eit udekka kompetansebehov, og gjev elles gjennom svara sine ei tydeleg tilbakemelding på at arbeid med nok og rett kompetanse i regionen må styrkjast.
25 % av bedriftene reknar med å ha fleire tilsette i 2024 enn i 2023. Elles peikar dei fleste på at dei vil ha same tal på tilsette som i føregåande år. Tabellen under viser kva kompetanse bedriftene peikar på at dei treng, og som de ser er det alt frå ufaglært til doktorgrads-kompetanse.
Viktige politiske saker for våre bedrifter
Av viktige næringspolitiske saker, svarar våre medlemsbedrifter at det som er viktigast er å 1) satse meir på vasskraft, 2) gjere det enklare å meir attraktivt å bli gründer i Noreg, 3) det må vere like lønnsomt å investere i oppstartsselskap som i eigedom, 4) fomueskatten bør avviklast og 5) det bør satsast meir på kjernekraft.
Elles blir Hordfast løfta fram som det viktigaste infrastrukturprosjektet i Vestland av medlemmane til Bømlo Næringsråd, etterfulgt av E134 Haukelitunnellen.
2024 kan bli krevjande
Til sist kan det nemnast at over halvparten av bedriftene som har svara på undersøkinga er mindre positive i møte med 2024 enn dei var når 2023 starta. Berre 15 % er meir positive for 2024 enn dei var i fjor. 92 % av bedriftene peikar på at auka inflasjonspress vil vere krevjane eller svært krevjande for bedrifta i året som kjem.
Årsaker som blir peika på er høgare rentenivå, sviktande betalingsevne hos underleverandørar, høge lønnskrav, varekostnader og energiprisar, tøffe marginar på oppdrag, kronekurs og høge fraktkostnader vert òg løfta fram.
Næringsrådet vil ha fokus på aktivitetar i 2024 som set lys på utfordringane i møte med politikarar, samarbeidspartnarar og andre.