Status i medlemsbedriftene hausten 2023
Gjennom Næringsalliansen gjennomfører Bømlo Næringsråd jamlege undersøkingar blant medlemsbedriftene våre. Her får me innblikk i resultata frå vår kommune, og dei samla resultata frå næringsråda i Vestland. Her er viktigaste funn frå dei 36 bedriftene som svara denne gongen.
Som i vår, peikar bedriftene på dårlegare marginar og mangel på kompetanse. 40 % av bedriftene peikar på at den økonomiske situasjonen i bedrifta er dårlegare enn kva dei forventa for eit år sidan, men samstundes ser dei fleste likevel positivt på framtida.
Nær 90 % av bedriftene forventar lik eller høgre omsetning i år enn i fjor, samstundes forventar nær 70 % av bedriftene lågare resultat. Me hadde tilsvarande undersøking ute i vår, og då var det berre omlag 50 % av bedriftene som forventa lågare resultat, så her går marginane i feil retning. Årsaker som blir peika på er høgare rentenivå, høge straumprisar - særleg i vår straumregion, tilgang på kompetanse og høge råvareprisar. Tøffe marginar på oppdrag, kronekurs og høge fraktkostnader vert òg løfta fram.
Kompetansemangel og føreseielege rammevilkår
Bedriftene som har svara på undersøkinga, trekkjer fram betre tilgang på kompetent arbeidskraft, meir føreseielege rammevilkår og tettare nettverkssamarbeid for bedriftene som dei tre viktigaste faktorane for å styrkje konkurranseevna for si bedrift.
Meir enn 30 % av dei som svarar treng fleire medarbeidarar framover og har eit udekka kompetansebehov, medan 8 % ser føre seg færre tilsette. Av dei som treng folk, peikar dei på alt frå fagarbeidarar, fagskuleutdanna, bachelor- og masterutdanningar.
Viktige politiske saker for våre bedrifter
Av viktige næringspolitiske saker, svarar våre medlemsbedrifter at det som er viktigast er å gjere det enklare å meir attraktivt å bli gründer i Noreg. Dei peikar elles på at det bør vere like lønnsamt å investere i oppstartsselskap som i eigedom, og at formueskatten bør avviklast.