Solidaritetsmarkering for Harout og Tamar

bilde

Harout Jakarian og Bowlingen Café & Pub har vore medlem i Bømlo Næringsråd i fleire år. Etter 10 år i Noreg mista han og kona permanent opphaldsrett i Noreg når dei søkte om norsk statsborgarskap. Over 400 personar gjekk i fakkeltog og deltok i ei solidaritetsmarkering for Harout og Tamar sist søndag, som må forlate landet om kort tid. Avreisedato er sett til 4. april.

Utlendingsnemnda meiner at ekteparet har gjeve feilaktig informasjon om statsborgarskap når dei kom til Noreg, og har difor utvist dei med strengast mogleg straff, nemleg varig utestenging frå Noreg og EU/Schengen. - Dette er ei svært streng straff, og betyr at dei aldri får reise attende å besøkje dei to borna dei har her i Norge, fortel rektor ved Bømlo Vaksenopplæring, Kari Friis Sortland.

Saka er tatt til Tingretten, men der vart ikkje ekteparet trudd på deira forklaring, om at menneskesmuglaren skaffa dei autentiske Armenske pass utan deira viten. Dei har anka til lagmannsretten, men må reise ut av landet, til Armenia, fram til saka er ferdig handsama i rettsvesenet her i Noreg.

Viktige ressursar for arbeidslivet

Harout og Tamar har begge vore viktige ressursar i arbeidet med å kvalifisere flyktningar til arbeidslivet her i kommunen, og løfta fram flinke folk og viktig kompetanse til næringslivet på Bømlo gjennom arbeid på Bømlo Vaksenopplæring og NAV. Dei har vore gode rollemodellar for flyktningar som har komme til kommunen vår, og i tillegg har Bowlingen Café blitt ein trygg og god møtestad for ungdommane våre under drifta til Harout.

At Harout og kona no må forlate landet, i ei tid med mange menneske på flukt, der me treng ressurspersonar som dei meir enn nokon gang før, har skapt store reaksjonar hos mange både i og utanfor kommunen. Søndag kveld vart det arrangert ei solidaritetsmarkering for ekteparet, der dei over 400 frammøtte gjekk i fakkeltog frå Bowlingen Café opp til Bremnes kyrkje. Der haldt mellom anna kommunedirektør og ordførar appellar, i tillegg til andre viktige støttespelarar.

Ekteparet treng økonomisk støtte framover

Å ta ei slik sak til retten, som Harout og Tamar gjer no, er svært kostbart. I Noreg har dei hus og økonomiske forpliktingar, og i mellomtida står dei på bar bakke i Armenia, utan stad å bu, nettverk eller arbeid.

- Ein rettsprosess som dei står oppe i no kostar mykje pengar, og det er dyrt å reise og opphalde seg i Armenia, i tillegg til at dei har hus og forpliktingar her heime, fortel Kari Friis Sortland. - Håpet er at saka får eit anna utfall i lagmannsretten, som gjer at ekteparet får bli i Noreg, og då er det viktig at dei har noko å komme tilbake til, som heimen dei har skapt for seg og ungane sine her på Bømlo.

Armenia er eit land med høg grad av flyktningar, både frå Syria og Ukraina, og landet har høge levekostnader. - I Armenia er det omlag 25 % arbeidsløyse, og det er vanskeleg å få seg ein jobb, fortel Elisabeth Haugen, leiar i NAV Bømlo. - Harout og Tamar er difor heilt avhengige framover av å motta økonomisk hjelp frå privatpersonar og andre som kan tenkje å støtte dei gjennom denne krevjande prosessen.

Ønskjer du å bidra økonomisk, kan ein gjere dette her: https://www.spleis.no/project/362662

Sjå alle nyhende