Høyringssvar til skulebruksplanen for Bømlo kommune 2025-2031
Bømlo kommune står ovanfor demografiske utfordringar som krev ei berekraftig og framtidsretta tilnærming til skulestruktur og tenesteyting. Bømlo Næringsråd, som arbeider for å tilretteleggje for eksisterande og ny næring, vil understreke at skulestrukturen må sjåast i samanheng med tilflyttarstrategien for å sikre framtidig vekst og utvikling i kommunen. Ein attraktiv skulestruktur er ikkje berre viktig for tilflytting, men også for å stimulere til vidare næringsutvikling og rekruttering av arbeidskraft.
Samspel mellom skule, tilflytting og næringsutvikling
Ein berekraftig skulestruktur er avgjerande for å tiltrekkje seg nye innbyggjarar, særleg unge familiar som ynskjer gode oppvekstvilkår for borna. For at Bømlo skal vere ein attraktiv stad å busetje seg, treng me ein skulestruktur som støttar opp om eit trygt og inkluderande oppvekstmiljø, noko som igjen legg til rette for vekst i det lokale næringslivet. Når fleire familiar flyttar til kommunen, skaper det grunnlag for auka aktivitet i næringslivet, og ein større etterspørsel etter varer, tenester og arbeidskraft.
Langsiktig planlegging og ein stabil skulestruktur
Ein stabil skulestruktur er med på å skape tryggleik for eksisterande og nye innbyggjarar, noko som igjen gjer det lettare for næringslivet å rekruttere og behalde arbeidskraft. Ei god skulestruktur er avgjerande for å skape lokalsamfunn som legg grunnlag for vidare næringsutvikling. Mindre, lokale skular kan vere eit viktig verkemiddel, spesielt knytt til å skape attraktive bu- og oppvekstmiljø som kan tiltrekkje seg fleire tilflyttarar og støtte lokalt næringsliv. Behovet for skulekrinsar bør ikkje berre bli definert ut frå statistikk om folkevekst, skulekapasitet og transportmoglegheiter, men òg ta omsyn til faktorar som bustadbygging, lokale sosiale forhold og innspel frå innbyggjarane, som ikkje fullt ut kjem fram gjennom statistikk åleine.
Dialog med nærmiljøa
For å sikre sterke nærmiljø er det viktig å ha dialog med lokale innbyggjarar og interessentar, inkludert grendalag og næringsliv, for å finne løysingar som best mogleg tener både dagens og framtidas innbyggjarar. Dette er heilt i tråd med tilflyttarstrategien sitt fokus på brei medverknad og samarbeid for å auke Bømlo si attraksjonskraft.
Me håpar desse innspela vert vurderte i vidare arbeid med skulebruksplanen, og at det vert lagt vekt på korleis skulane kan vere ein positiv faktor i arbeidet med å auke folketalet og styrkje næringslivet på Bømlo.
Med vennleg helsing
Bømlo Næringsråd