Siemens Energy kjem på heim igjen!

bilde

Siemens Energy er globalt leiande innan energiteknologi. Har du pågangsmot og ambisjonar kan Siemens Energy vera ein plass der du kan vera med å utgjera ein forskjell!

Dei er i over 90 land og tel 96 000 tilsette. Deira visjon er å støtte selskap og land verda rundt med å redusere utslepp og gjere energi påliteleg, lønsamt og meir berekraftig. For dei er teknologi viktig, men det er menneske som utgjer ein forskjell. 

Ønskjer du å bli betre kjend med Siemens Energy kan du lese meir her: https://www.siemens-energy.com/global/en/home/company/about.html

Siemens Energy – Sensors på Bømlo er verdsleiande innanfor trykk og temperaturmålingar Subsea. Fabrikken på Ternetangen har vore med å utvikle og levere sensorar til Subsea-markedet sidan 1988 og har i dag levert over 30 000 sensorar verda over.

Deira over 100 ansatte jobber med heile verdikjeda, og både produksjonen, administrasjonen, og den tekniske avdelinga opererer frå Bømlo. Det er spesielt fagområder som mekanikk, elektronikk og software som er relevante for produksjonen og ingeniørane, i tillegg til ein stor variasjon av administrative oppgaver.   

Ønsker du å bli betre kjend med Siemens Energy Sensors og produkta som produserast på Bømlo kan lese meir her:

På Bømlo er det moglegheit for å ta fagbrev innan automasjon. Det arbeides og med å få på plass moglegheit for å kunne ta utdanning innan andre fagfelt.

Ledige stillingar finn ein på Search Jobs | Siemens Energy (siemens-energy.com). Pr i dag ligg det ikkje noko stillingar ute for Bømlo, men det er berre å følgje med for det dukkar stadig opp noko.

Sjå alle nyhende