Rundtur på bygdamøter

bilde

Dei siste månadane har prosjektleiar Mari Pedersen Totland vore rundt i kommunen på bygdamøter for å presentere førebels resultat frå bømlaundersøkinga og korleis ein ser desse opp mot arbeidet med tilflyttarstrategien.

Først ut var Finnåsbygda, der Kulleseidkanalen Gjestehavn inviterte til bygdamøte i midten av august. Resultata frå Finnås skil seg ut samanlikna med dei andre bygdene med blant anna at heile 63% er eining i at ein ikkje kunne tenke seg å bu noko anna stad, som er om lag 15% høgare enn dei andre bygdene. Gode naboar blir trekt fram som ein viktig kvalitet i bygda.

Rubbestadneset Grendautval inviterte i slutten av august til bygdamøte i Rubbhallen. Resultata frå Rubbestadneset viser at heile 82% er ueinig i at det er mykje dei mislikar med staden der dei bur. Dette skil seg frå dei andre bygdene i positiv retning. Rubbarane identifiserer seg staden der dei bur, og føler eit godt fellesskap med andre som bur der.

I september gjekk turen til Moster og Moster Grendautval, som inviterte bygda inn i gymsalen på skulen. Resultata frå mostringane viser at dei er svært nøgde med skule- og barnehagetilbodet på Moster, samt uterom og omgivelsar. Nærleik til sjø og natur vert og nemnd som ein viktig kvalitet på Moster.

Denne veka var Mari i biblioteket på kulturhuset der Svortland Krinslag held bygdamøte saman med Liv og Lyst Svortland. Resultata frå Bremnesområdet viser at innbyggjarane er spesielt nøgd med oppvekstmiljø, skule- og barnehagetilbod, og at det er sentralt med kort avstand til servicefunksjonar.

Arbeidet med tilflyttarstrategien pågår framleis. Sjølve strategien er klar i løpet av hausten, og vil bli presentert av LÉVA Urban Design på konferansen til næringsrådet 8. november i kulturhuset.

Sjå alle nyhende