Rådgjevarsamling i Sunnhordland
Forrige veke deltok Bømlo Næringsråd på ei regional samling med rådgjevarar i ungdomsskular, vidaregåande skular og rettleiingstenesta i Sunnhordland på Bømlo vidaregåande skule. Hovudfokuset på samlingen var overgongar, og næringsrådet fekk både presentert næringslivet på Bømlo og delt litt om kva som er viktig i overgangen frå skule til arbeidsliv.
Bømlo Næringsråd jobbar med ei rekke aktivitetar i samarbeid med skular og utdanningsinstitusjonar, for å blant anna sikre at born og unge kjenner til kompetansen næringslivet vårt treng. Ein del av dette arbeidet går ut på å halde rådgjevarane i skulane oppdaterte på næringslivet vårt. Difor er det veldig kjekt for oss når me vert invitert inn på slike samlingar.
På samlinga fekk me presentert kva me i næringsrådet arbeider med, litt om industrihistoria til næringslivet på Bømlo, og kva slags industriar som er store på Bømlo både i form av verdiskaping og tilsette. Me fekk og delt i frå vårt perspektiv kva som er viktig å forberede elevar på for at dei skal vere best mogleg rusta for å takle arbeidslivet.
Etter lunsj tok me rådgjevarane med på bedriftsbesøk til Wärtsilä. Dei hadde sydd saman eit opplegg til oss der me fekk høyrt i frå dei ulike avdelingane, med fokus på kva kompetanse dei har og kva kompetanse dei ser etter i åra som kjem. Avslutningsvis fekk me ein omvisning rundt på området deira, der me fekk sjå korleis dei jobbar i praksis. Me takkar Wärtsilä for eit flott og inspirerande opplegg!
Bømlo Næringsråd ønskjer å takke samarbeidsnettverket for rådgjevarar i Sunnhordland for invitasjonen, og lukka til vidare.