Kreativ pentathlonløype i bedriftsmangekampen

bilde

Det var ei enorm publikumsmasse som hadde tatt turen då deltakarane i går var samla for tredje øvelse av det nye konseptet Bedriftsmangekamp, på initativ av U37 Bømlo. Alle har høyrt om triathlon som er eit løp med 3 greiner. For å få plass til 5 deltakarar frå kvart lag auka me til eit pentatlon, som då er eit løp med 5 greiner.

Pentathlonet vart gjennomført som ein stafett, der ein frå kvart lag hadde kvar sin etappe. Løypa starta med ein løpeetappe frå Gilje Skule og ned til Lygneskaien. Heldigvis var vêret med oss i går, og heldigvis har sola varma opp sjøen godt den siste tida, for på kaien stod symjarane klare for å symje over til Alvsvågskaien. Då symjarane omsider hadde kome seg til sigen på andre sida og klarte å rekke opp for å gje syklarane ein high-five, kunne syklarane ta fatt på sin etappe ut av Alvsvåg, og opp dei tunge bakkane til Gilje Skule.

Etter dei tre første tradisjonelle greinene, var me komen til dei to siste, kreative greiene som vart lagt inn for å auke spenninga. Då syklarane kom opp til Gilje Skule, stod nemleg ein gjeng sekkehopparar klar for å hoppe siste delen bort til kunstgrasbanen. Der var det duka for siste grein, som viste seg å vere den greina der det heile skulle verte avgjort, nemleg puslespel. Fleire lag klarte å hente inn mange plasseringa på puslespelet, medan andre ikkje klarte å sjå løysinga og ramla nedover resultatlistene.

Til slutt vart det Steinsbø Hus som drog i land seieren, etter å ha funne løysinga på puslespelet i ein rekordfart. Kraftlaget havna på andreplass etter eit jamnt godt løp, medan Los Elektro sitt lag "Avdanka" havna på tredjeplass. Det er no desse tre laga som leiar samanlagt tabellen, med "Avdanka" på topp foran Steinsbø Hus og Kraftlaget. Det ligg an til ein voldsomt spanande siste øvelse, der det heile skal avgjerast!

Takk til XL-Bygg Kr. Steinsbø for sponsing av sponplater til å lage puslespel, og til Steinsbø Hus for sponsing av vedsekker til sekkeløpet. Takk og til alle som stilte langs løypa som beredskap på sjø, fotografar og heiagjeng! Det var kjekt at så mange stilte opp for å sjå på løpet.

Sjå alle nyhende