Næringsrådet på besøk hos Matre

bilde
Foto: Dagleg leiar i Matre Maskin AS, Tommy Esperø, fortel engasjert til tydeleg imponerte lyttarar

Matre er ein leiande produsent av avansert brannslukkingsutstyr for å trygge kritisk infrastruktur, blant anna helikopterdekk på offshore-installasjonar, båt og sjukehus. Dei vart nyleg kjøpt opp av Firenor International, og i dag var me på besøk for å høyre meir om samarbeidet og planane deira.

I juli kom kunngjeringa om at Firenor International AS kjøpte opp Matre Maskin AS. Kjetil Kleven, Dagleg leiar i Firenor International AS og Firenor AS, fortel at det var fleire grunnar til at dei valde å kjøpe opp Matre. - Me har blant anna komplimentære produkt som gjer at me utfyller kvarandre, samt at kulturen vår i Kristiansand og kulturen i Matre på Bømlo viste seg å vere nokså lik. I tillegg er me begge store merkevarer som vil skape synergiar, seier han.

Tommy Esperø, dagleg leiar i Matre Maskin AS, fortel at dei ikkje har jobba så lenge saman enda, men ser stort potensiale i vegen vidare. - Me ser fram til å utveksle erfaringar og kompetanse, samtidig som me beheld merkevaren Matre og arbeidsplassar lokalt her på Bømlo, fortel Esperø.

Firenor International AS er eit heileigd dotterselskap av det svenske, børsnoterte selskapet Concejo AB. Thorleif Jener, VP i Concejo, var og på plass i Brubakkjen på dagens besøk. Han uttalte at han var overraska over kor modent næringslivet på Bømlo virka å vere, etter at næringsrådet presenterte historia til næringslivet lokalt.

Matre er allereie påmeld "Heim igjen" arrangementet vårt i desember, så her er det mogleg for studentar å bli betre kjend med bedrifta - meir informasjon om dette kjem.

⁠Me takkar for at me fekk kome på besøk, og ønskjer lukka til med vidare samarbeid!

Sjå alle nyhende