Open dag på Bømlo vgs

bilde
Foto: Matre er ei av medlemsbedriftene våre som var til stades

Eit av fokusområda til Bømlo Næringsråd er samarbeidet mellom skule og næringsliv. Difor jobbar me tett med Bømlo Opplæringskontor og skulane for å legge til rette for tiltak som Yrkesdag, Utdanningsmessa og Open dag.

I år vart Open dag arrangert av Bømlo vgs med eit gjennomarbeida opplegg der mange bedrifter var til stades, i tillegg til opplæringskontora og rettleiingstenesta. Arrangementet gjekk føre seg på begge lokasjonane til Bømlo vidaregåande skule, både på Leite og Rubbestadneset, og det var eit stort tal besøkande innom.

Framtidige og noverande elevar fekk moglegheit til å utforske ulike studieretningar og framtidige yrkesvegar. Bedriftene stilte med stands, og det vart arrangert opplegg i klasseromma for å gi elevane eit innblikk i dei ulike retningane. Det vart mellom anna gjennomført konkurransar og praktiske demonstrasjonar som viste korleis teorien kan knytast opp mot arbeidslivet.

Open dag har nok ein gong vist seg å vere eit godt bilete på det sterke samarbeidet mellom skule og næringsliv på Bømlo. Det er avgjerande for at elevar og framtidige arbeidstakarar skal få innsikt i dei mange moglegheitene som finst i arbeidsmarknaden lokalt.

Bømlo Næringsråd har vore med i koordineringa av bedrifter på stand, og me er glade for engasjementet som næringslivet viser for å inspirere og rettleie dei unge.

Sjå alle nyhende