Offisiell opning av Bømlo Fiskerihamn

bilde

På fredag inviterte Vestland Fylkeskommune i samspel med Bømlo Kommune og Bømlo Fiskerihavn AS til opning av Sunnhordland si fiskerihamn i Hovlandshagen/Langevåg.

Moloen ved Bømlo fiskerihamn er omsider ferdig, etter at lokale drivkrefter starta arbeidet heilt tilbake i 2011. Moloen er bygd av Vestland fylkeskommune, med forskottering av lokalt næringsliv. Kystverket overtek no ansvaret for moloen.

Det var mange som hadde gått over den nesten 500 meter lange moloen og møtt opp på "Stora Bleikjå" for å få med seg opninga, der Hillestveit Musikkorps spelte opp til marsj.

Det var ei lang liste talarar som hadde blitt invitert til å seie nokre ord kring opninga, deriblant Fylkesordførar Jon Askeland og Ordførar Morten Helland, som og hadde ansvaret for å klippe snora etter talane. Både Fylkesordførar og Ordførar, samt fleire av dei andre talane, påpeika at moloen er eit resultat av eit godt lagspel.

Etter opninga på moloen, vart fleire av støttespelarane til Fiskerihamna takka for innsatsen som har resultert i denne flotte hamna. Stortingsrepresentantane Liv Kari Eskeland og Odd Harald Hovland påpeika at dette er eit heilt unikt prosjekt, og at det no vert løfta inn i Nasjonal Transportplan at ein må "sjå til Bømlo Fiskerihamn" som eit godt eksempel på kva ein kan få til med lokalt initativ.

Fiskerihamna har allereie skapt mange arbeidsplassar, og me gler oss til å sjå moloen verta tatt i bruk av det lokale næringslivet.

Sjå alle nyhende