Nyttårshelsing fra ny dagleg leiar

bilde

Kjære medlem i Bømlo Næringsråd,  

Godt nytt år!  

Eg vil gjerne nytta høve til å helsa på deg som ny dagleg leiar i Bømlo Næringsråd. Det er med stor glede og ein god dose entusiasme eg tek over stafettpinnen etter Nina og Mari, to imponerande dyktige damer. Eg kjenner meg privilegert over å få vidareføra det flotte arbeidet dei har gjort for medlemsbedriftene våre.  

Eg ser fram til å gjera mitt aller beste for å styrkja og utvikla næringslivet på Bømlo. Saman med eit dyktig og breitt samansett styre og gode innspel frå dykk som medlemsbedrifter, vil me jobba for å setja retning og prioriteringar for Bømlo Næringsråd framover.

Det skjer mykje spennande på Bømlo, og eg gler meg til å samarbeida med dykk om å vidareutvikla lokalt næringsliv.  

I løpet av januar og februar skal styreleiar og eg ut på turné for å besøka næringsrådet sine gullsponsorar. Målet er å ha vore innom alle innan utgangen av februar.

Me held fram med å setja viktige tema på dagsordenen, samarbeida tett med næringsråd i Vestland og Rogaland, arrangera frukostmøter og møte om aktuelle saker for
næringslivet.  

Eg oppmodar deg til å ta kontakt – anten på telefon eller e-post – og inviter meg gjerne på besøk. Kom med konkrete forslag, del gode idear, eller ta opp saker som treng merksemd.

Eg er overtydd om at me saman kan styrkja kontakten og samarbeidet mellom bedriftene på Bømlo og gjera oss endå sterkare som næringsliv.  

Eg gler meg til å bli betre kjent med deg og bedrifta di i tida som kjem!  

Helsing,  

Ragnfrid Sønstabø

Dagleg leiar, Bømlo
Næringsråd 

Sjå alle nyhende