Nytt styre i Bømlo Næringsråd

bilde

Lauritz Eidesvik tek over rolla som styreleiar, og Marius Økland og Malin Rolfsnes er nye medlemmar inn i styret. Simon Nesse Økland og Ove Grønås gav seg i næringsrådet etter mange år som henholdsvis styreleiar og styremedlem, og vart takka av med mange fine ord på årsmøtet til næringsrådet 23. februar i år.

Lauritz Eidesvik har lang fartstid frå mange styrerom, og er i dag styreleiar i fleire selskap. Marius Økland er økonomi- og administrasjonssjef i Fylkesnes Fisk og Malin Rolfsnes er avdelingsleiar i Siemens Energy. Utover desse fortset senterleiar hos Bømlo Storsenter Anita Hellen Morlandstø og ass. dagleg leiar i Amundsen Diving Cecilie Tingvoll Hope. Dagleg leiar i Moster Amfi Nina Meldahl Olsen og innkjøpar Frode Urangsæter i Eidesvik Offshore fortset som varamedlemmar.

- Det er kjekt at me har så brei representasjon av både næringar og geografi i styret vårt, fortel den nye styreleiaren Lauritz Eidesvik. - Dette gjer at me kan fange opp mykje av det som skjer i heile næringslivet vårt, i dei ulike delana av kommunen, noko som er viktig for å kunne jobbe godt for næringslivet på heile Bømlo.

- Eg ser fram til å vidareføre det gode arbeidet i næringsrådet etter Simon og gjengen, og kjem til å ha høgt fokus på auka samarbeid mellom både lokale og regionale aktørar, seier Eidesvik til sist.

Sjå alle nyhende