Nytt one stop shop-samarbeid på Bømlo
Bømlo Skipsservice, Future Marine Solutions, Breeze Ship Design, Maritime Measurement Service og Bømlo fiskerihavn har starta Bømlafjorden Maritime Senter for å styrkje tenestetilbodet og samarbeidet ut mot kunde.
Tenestetilbodet tek sikte på å vere ein one stop shop, der kunden kan få gjort alt av skipsvedlikehald og modifikasjonar på verftet hos Bømlo Skipsservice.
Bedrifter i Sunnhordland
Samarbeidet på Langevåg består av bedrifter i Sunnhordland, som utfyller kvarandre på ein god måte. Per i dag er det dagleg leiar i Bømlo Skipsservice, Sveinung Vestbø, som leier samarbeidet.– Me held i desse dagar på å utforme strategiar og planar for vidare samarbeid og utvikling, og det vil om ikkje alt for lang tid blir lansert ein ny nettstad. Satsinga er i hovudsak retta mot det grøne skiftet, og tilby grøne totalløysingar til reiarar, fortel Vestbø. – Sidan oppstarten, har det allereie vore noko knoppskyting i tilknyting til det maritime senteret. Det er mellom anna blitt etablert nye firma, og nye er under oppsegling, fortel Vestbø vidare, og invitere bedrifter som er interessert til å bli betre kjent med samarbeidet, og eventuelt bli tenestetilbydar ved kai, om å ta kontakt.
På Rubbestadneset har LOS Marine levert tenester ut mot kunde som ein one stop shop sidan 2014, og i 2017 formaliserte dei samarbeid med bedriftene gjennom NMEC, der 14 av bedriftene rettar seg mot one stop shop-konseptet ved kai.
Utviklar ein meir komplett leverandør
– Som følgje av one stop shop-samarbeidet, har me blitt ein langt meir komplett leverandør ved kai enn tidlegare. Leverandørane og samarbeidspartnarane våre kjem tett på kunden, og får vist seg fram på kaien, og det blir som regel alltid meirsal, når kundane vert klar over alt dei får gjort ved landliggja, fortel dagleg leiar i LOS Marine Olav Koløy. – Me i LOS Marine syns det er flott at ein no etablerer one stop shop på Langevåg gjennom Bømlafjorden Maritime Senter. Dette vil gjere det mogleg for fleire aktørar til å etablere bedrifter som kan komplettere tilbodet ved kai, då ein har fleire aktørar å selgje tenestane sine gjennom. Bømlo næringsråd ønskjer Bømlafjorden Maritime Senter lykke til med det vidare arbeidet, og følgjer spent med på utviklinga!