Nettverkssamling med Bømlo Industrivernforum
I går deltok næringsrådet på ei nettverkssamling i Bømlo Industrivernforum saman med naudetatar, beredskapskoordinator i Bømlo Kommune, og industrivernleiarar frå Bremnes Seashore, Bømlo Skipsservice, Siemens Energy og Wärtsilä.
Formålet med Bømlo Industrivernforum er å byggje betre samarbeidsrelasjonar på tvers av organisasjonar, for å kunne effektivisere samarbeidet ved eventuelle hendingar. Nettverket vert og brukt til å koordinere felles øvingar og kompetansehevingar, utveksle erfaringar og diskutere problemstillingar og moglegheiter.
Forumets leiar er Karina Børnes, operativ industrivernleiar i Bremnes Seashore. Ho opna samlinga med å presentere bakgrunnen for initiativet og organiseringa av industrivernet i Bremnes Seashore. Knut Oldereide, HMS-sjef i Bremnes Seashore, fortalde så om korleis selskapet er organisert og korleis dei jobbar. Karina inviterte deretter til ein omvisning i brannstasjonen deira.
Det var lærerikt å høyre korleis ulike industriverna organiserer seg og kva utstyr dei disponerer. Alle understreka viktigheita av å samarbeide om ressursar og utstyr, og det var stor velvilje til å hjelpe kvarandre på tvers av organisasjonane. Politiet og brannvesenet var også til stades for å dele korleis dei samarbeider med industriverna, og dei understreka viktigheten av industriverna for å sikre god beredskap.
Me takkar for samlinga og ser på dette som eit godt døme på korleis samarbeid og erfaringsutveksling mellom ulike organisasjonar kan gje viktige synergiar som kjem den einskilde bedrift og samfunnet til gode.
Industribedrifter som sysselset over 40 personar har krav om eige industrivern, men ein kan og starte industrivern med færre tilsette. Ta gjerne kontakt med oss der som du vurderer å starte opp industrivern.