Naturbrukslinja presenterte ny teknologi

bilde

Naturbrukslinja hadde prosjekt om å utvikle ny teknologi som kan auke berekrafta innan områda dei utdannar seg innan. Bømlo Næringsråd og Bømlo Opplæringskontor vart invitert til å vere jury og høyre salspresentasjonane elevane hadde laga til dei ulike nyvinningane.

Det var i alt fire grupper som presenterte sine resultat. RAFAEL som hadde utvikla teknologi til å fange opp fiskeavfall og slam, og bruke reststoffa til å produsere ny energi, Algebra som ville dyrke fram ei heilt spesiell alge til dyrefor, NoGhostFishing som laga utstyr som sikrar at ein ikkje mister teina under teinefiske, og siste gruppa såg på ei løysing av kjent teknologi innan semilukka og lukke oppdrettsanlegg, i kombinasjon med løysinga til RAFEL.

Det var spennade å høyre korleis elevane hadde brukt alt frå ChatGPT til samtalar med forskarar, leverandørbedrifter og oppdrettsselskap til å komme fram til sine løysingar. Dei viste stor problemforståing, hadde godt fokus på fiskevelferd, berekraft og samstundes auge på kva økonomiske gevinstar ein kunne oppnå med produktet.

Det var både lærerikt og interessant, og ikkje minst kjekt å sjå kor mange flinke framtidige fagfolk som kjem ut i næringslivet vår om kort tid. Me takkar for oppdraget med å vere jury, og kjem gjerne attende ved eit seinare høve!

Sjå alle nyhende