Næringsrådet på besøk hos Bømlo Hus
Styremøtet i april vart halde hos Bømlo Hus, kor Nils Morten Ådnandes presenterte litt av historia til Bømlo hus frå 2003 og fram til i dag - ei reise med både oppturar og nedturar.
Bømlo Hus har vore ein sentral aktør i byggjebransjen sidan etableringa i 2003. Med ei historie som strekkjer seg over fleire tiår, har selskapet opplevd både utfordringar og suksessar. 2015-2017 var ei tøff tid for selskapet, som måtte gjennom ein omstrukturering for å leve vidare. Våren 2015 kom det nye eigarar inn, og frå sommaren 2017 vart selskapet heileigd av Vanadis AS. Dei vart og ein del av Vestlandshus.
I dag har Bømlo Hus etablert seg som ein solid aktør med kontor på Bømlo og 17 tilsette, inkludert to lærlingar. Ådnanes fortel at gode tilsette og eit godt samarbeid med innleigd arbeidskraft har vore avgjerande for å lykkast. Det er vanskeleg å få tak i gode snekkerar i marknaden i dag.
Bømlo Hus spesialiserer seg hovudsakleg på bygging av ulike typar boligar i Sunnhordland og Haugaland. Dei tilbyr eit breitt spekter av tenester, frå eineboligar og rekkehus til fritidsbustader og rehabilitering. I tillegg er dei involverte i utviklinga av tomtefelt og salg av tomter og prosjekt, blandt anna på Svortland Sør. Organisatorisk er selskapet delt inn i tre ulike selskap: Bømlo Hus AS, Bømlo Hus Bygg AS og Svortland Sør AS.
Boligprosjektet Storevarden, som er utvikla av Bømlo Hus.
Med ei dobla omsetning frå 2017 til 2023, har Bømlo Hus vist ei imponerande vekst. Selskapet har klare ambisjonar om å nå ein omsetning på 115 millionar i 2024. Den positive utviklinga har vore mogleg grunna ei sterk satsing på kvalitet, service og kostnadskontroll. Godt handverk, god service i heile byggeprosessen og nøye oppfølging i etterkant har vore viktige suksessfaktorar.
Styret til næringsrådet takka for at me fekk halde styremøtet i lokala til Bømlo Hus denne gongen, og ikkje minst for god og nyttig informasjon knytt til bustadsmarknaden i kommunen vår. Me ønskjer dykk lukka til vidare!