Næringslivsdugnad for TV-aksjonen 2023
3. oktober var ordførarar, varaordførarar og næringsliv i Sunnhordland samla i kommunestyresalen på Stord rådhus, for å samle inn pengar årets TV-aksjon.
Frå Bømlo stilte varaordførar Ragnfrid Sønstabø og styremedlem i næringsrådet og leiar av Bømlo Storsenter Anita Hellen Morlandstø. I løpet av to timar ringde dei rundt til mange bedrifter og fekk samla inn pengar til Redd Barna og deira arbeid for å skape ein tryggare kvardag for born som er råka av krig og konflikt. Sunnhordland samla sett drog inn fantastiske 529 450 kr.
- Dette er andre gong eg er med og ringer rundt, og det er fantastisk kjekt å vere varaordførar for eit næringsliv som stiller opp og bidrar på så mange område, inkludert å bidra til Redd Barna og TV-aksjonen 2023, seier Ragnfrid Sønstabø.
Anita Hellen Morlanstø er med for første gang, og skulle gjerne hatt enno meir tid til å ringe rundt til bedrifter. - Bedriftene var jo veldig positive og stiller opp for TV-aksjonen, men det var jo enno fleire namn att på lista når tida var ute, slik at me kunne kanskje samla inn meir dersom me hadde hatt litt betre tid.
Varaordførar Ragnfrid Sønstabø i god driv, og fekk mange gode samtalar med fleire av næringslivstoppane på Bømlo denne dagen. | Styremedlem i Bømlo Næringsråd og senterleiar for Bømlo Storsenter hadde travelt opp med å ringe rundt til bedrifter på Bømlo. |