Næringslivet med Hordfast-krav til regjeringa
Næringslivet på Vestlandet går saman med eit felles krav om at regjeringa MÅ prioritere Hordfast i første periode i ny Nasjonal Transportplan. – Om ikkje Regjeringa Støre prioriterer Hordfast, har dei gitt opp Vestlandet, er den klare beskjeden!
– Utan Hordfast blir Vestlandet hengjande etter. I noverande transportplan ligg Hordfast inne som eitt av dei to mest lønnsame prosjekta i landet. Derfor er det vårt urokkelege krav at Regjeringa prioriterer Hordfast i første periode i ny Nasjonal Transportplan, seier Monica Mæland, aministrerende direktør i Bergen Næringsråd.
Hordfast vil gje aukt verdiskaping på Vestlandet
Hordfast vil halvere reisetida mellom Bergen og Stavanger frå over 4,5 til 2 timer. Dette vil gje større og attraktive bu- og arbeidsmarknader mellom desse byene.
– Det er langs aksa mellom Bergen og Stavanger mykje av den største verdiskapinga vil skje i åra framover, knytt til ressursane i havet og langs kysten. E39 er livsnerva på Vestlandet, og Noregs viktigaste eksportvei. Snart kan du køyre på motorveg langs kysten frå Oslo til Haugesund. Utan Hordfast blir det imidlertid full stopp ved Sandvikvåg før Bergen. Det vil få store konsekvensar, sier Jan Ertsvåg, Senior Vice President Yards i Aker Solutions.
Tap for Vestlandet
For dei som deltok på Bømlakonferansen 2023, fekk ein høyre at utan Hordfast vert den nye motorvegen mellom Bergen og Os "Noregs dyraste blindveg". Modernisering av industriaksen mellom Bergen og Stavanger er avgjerende for å bygge sammen Vestlandet. Med Rogfast får innbyggerne i mange kommuner i Vestland mykje kortare veg til Stavanger enn til Bergen, og utan Hordfast, vert Noregs viktigaste region for verdiskaping og eksport splitta.
– Hordfast er eit prosjekt som kjem til å utløyse langt meir enn det me i dag klarar å sjå konturane av, og kjem til å bli enda viktigare når det er realisert enn kva me evnar å sjå føre oss i dag. No krev me at Hordfast vert realisert innan fornuftig tid, det er heilt avgjerande for at regionen skal lukkast – og for at Noreg skal lukkast, seier Jan Erik Kjerpeseth, Konsernsjef i Sparebanken Vest.
Samla opprop frå næringslivet
Næringsaktørar på Vestlandet gjer no eit felles opprop og krev at Regjeringa prioriterer Hordfast i tidleg fase i NTP (2025-2036). Desse har signert oppropet:
Regiondir. Helene Frihammer, NHO Vestland
Regiondir. Tone Grindeland, NHO Rogaland
Forbundsleder Jørn Eggum, Fellesforbundet LO
Leder av avd. 5 Fellesforbundet Richard Storevik
Konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth, Sparebanken Vest
Verftsdirektør Jan Ertesvåg, Aker Solutions AS
Styreleder Arne Møgster, Lerøy Seafood Group
Daglig leder Helge Singelstad, LARCO AS
Adm. dir. Ingrid Solheim, STS Gruppen AS
Adm. dir. Hans-Petter Nesse, Wartsila Norway AS
Konsernsjef Jakob Særsten, LOS Gruppen AS
Adm. dir. Helge Gjøsæter, Leirvik AS
Fabrikksjef Arne Martin Kjærland, Hydro Aluminium Karmøy AS
Direktør Olav Bådsvik, Equinor - Kårstø
Konsernsjef Pablo Barrera, Haugaland Kraft AS
Havnedirektør Tore Gautesen, Karmsund Havn
Konsernsjef Linda L Aase, Bremnes Seashore AS
Adm. dir. Øystein Matre, Westcon AS
Daglig leder Torbjørn Brosvik, Stord Næringsråd
Daglig leder Nina Ingvaldsen, Bømlo Næringsråd
Adm. dir. Monica Mæland, Bergen Næringsråd
Adm. dir. Bernt Jæger, Næringsforeningen Haugalandet
Adm. dir. Harald Minge, Næringsforeningen i Stavanger