Næringssamling på Atheno
Forrige veke deltok Bømlo Næringsråd, saman med dei andre næringsråda og regionrådet i Sunnhordland, på ei felles næringssamling hos Atheno.
Målet med samlinga var å styrkje næringssamarbeidet i regionen, slik at me saman kan arbeide for det beste for regionen vår. På programmet var blant anna innlegg frå Statens Vegvesen vedrørande Hordfast, innlegg frå Bømlo Næringsråd om mobilitet på land og på sjø, innlegg frå fylkeskommunen om Grøn Region Vestland, og innlegg frå Invest in Sunnhordland om pågåande arbeid og kraftsituasjonen i Sunnhordland.
I tillegg til spanande innlegg vart det gode diskusjonar rundt kva me bør prioritere å arbeide med i regionen, og korleis me kan få til eit betre samarbeid. Sunnhordland er ein høgt verdiskapande region som vil kunne få til enno meir dersom me klarar å dra betre i lag.
Me vart einig om å fortsette med slike samlingar framover, og me gler oss til neste samling som vart vedteken å halde på Bømlo allereie før sommaren.