Møte om tilbodsstruktur i Sunnhordland

bilde

Måndag 18. april inviterte fylket til møte for å presentere og få innspel til høyringsforslaget for ny tilbodsstruktur for vidaregåande skule i Sunnhordland. Det er i forslaget foreslått større endringar i tilbodsstrukturen i Sunnhordland dei neste ti åra, alt frå å leggje ned Fitjar vgs og flytte tilboda til Stord, til å fjerne alle kreative linjer frå regionen. Tilboda på Bømlo vgs er foreslått vidareført som i dag, men at påbygg vert lagt til Stord. Forslaget til høyring er for perioden 2025 - 2035, der talet på avgangselevar på vgs i Sunnhordland er forventa å gå ned frå 975 til 738 fram til 2033, og ytterlegare synke etter dette.

Godt oppmøte

Det var godt oppmøte på Stord vgs denne dagen, der opplæringsdirektør og fleire frå fylkesadministrasjonen var til stades, saman med leiar for Hovudutvalet for opplæring og kompetanse. Etter ein kort presentasjon av tilbodsstrukturen foreslått og korte innlegg frå rektorane i regionen, fekk tilhøyrarane i salen gje sine innspel. Engasjerte ungdommar, lærarar, kommunedirektørar og ordførarar frå heile regionen leverte gode innlegg som viste verdien av eit rikhaldig linjetilbod i regionen.

Næringslivet på Bømlo viste til tilflyttarstrategien

Bømlo Næringsråd haldt og eit lite innlegg om verdien av kreative- og kulturarbeidsplassar i regionen. Under følgjer innlegget frå denne kvelden. Bømlo Næringsråd vil lage eit komplett høyringssvar innan fristen i mai.

"Næringslivet i Sunnhordland eksportere varer og tenester for fleirfoldige milliardar i 2023. Berre Bømlo aleine, omlag 4 milliardar. Slike regionar må ein legge til rette for at kan vekse og utvikle seg vidare.

Og no er det slik, at me manglar kompetanse til næringslivet vårt. Men me prøver så godt me kan frå her me bur, å gjere noko med det.

For å arbeide systematisk med å tiltrekke kompetanse til næringslivet i vår kommune, gjekk 36 bedrifter på Bømlo saman i fjor, og spleisa på å lage ein tilflyttarstrategi til Bømlo. Me lærte gjennom dette arbeidet mykje om kva som skal til for å bli ein meir ein attraktiv stad å bu. Og hold dykk fast: Kreative arbeidsplassar og kulturarbeidsplassar er viktige element i ein attraktiv stad å bu.

Ei sterk tilråding frå stadsutviklingsselskapet som laga strategien, var å legga tilhøva til rette for fleire kreative arbeidsplassar og kulturarbeidsplassar i regionen vår. Arbeidsplassar me dessverre har for lite av i Sunnhordland.

Kreative og kulturelle linje på vgs gjer kreative og kulturarbeidsplassar, og me treng desse i regionen vår. Og me treng at Vestland fylkeskommunen legg tilhøva til rette for at me kan behalde desse.

Ikkje berre fordi det gjer oss til ein meir attraktiv stad å bu, men fordi, som mange flinke ungdommar og andre har påpeika her i dag, dette er viktige lokale utdanningstilbod som held ungdommar i regionen, og motiverer dei til å fullføre eit utdanningsprogram.

Og noko me i næringslivet ser er veldig viktig: Me har ungdommane tett på, og har enno ein mulighet å ha kontakt med dei her lokalt, og kan vere med å inspirere dei til å velgja utdanningar der me kan tilby jobb når dei er ferdige på skule. For mange av dei som går på kreative linjer blir ikkje berre musikarar, kunstnarar og skodespelarar, men vernepleiarar, juristar, og til og med ingeniøra. Har eg høyrt. Og spelar me korta rett, flyttar dei heim igjen, og bidrar til å vidareutvikle det flotta kulturlivet me har her i regionen, samstundes som me utviklar næringslivet.

Me veit folketalet går ned.

Men arbeidslivet her i Sunnhordland er variert og allsidig. Så me treng klassar framover med lågare oppfyllingsgrad, sikkert fleire enn i dag, slik at me kan gje arbeidslivet kompetansen ein treng.

Det kostar pengar. Men avkastninga samfunnet vil få på dei pengane, ved å legge tilhøva til rette for at Sunnhordland framover vil vere ein attraktiv stad å bu og gå på skule framover òg, vil gje oss kompetanse og rammer me treng for fortsatt å vera ein region med høg verdiskaping og stor eksport framover!"

Sjå alle nyhende