Merknad til reguleringsplan Miljøgate Svortland sentrum
Denne veka sende me inn merknad til framlegg til reguleringsplan for Fv542 Miljøgate Svortland sentrum. Heile merknaden kan lesast her.
Meir enn 60 % av handels- og servicebedriftene som er medlem i næringsrådet, er etablert i og rundt kommunesenteret. Dei har omlag 400 årsverk i arbeid, og meir enn 100 ungdommar i deltids- og sommarjobbar. I tillegg bidrar dei med om lag 1,5 MNOK sponsorkroner til lag- og organisasjonar over heile øya. Bedriftene innan handel og service utgjer nokre av dei viktigaste møteplassane i kommunen, og bidrar til eit levande kommunesenter.
Bømlo Næringsråd og næringsaktørane synes det er flott at kommunen ønskjer å løfte kommunesenteret med ei miljøgate. Samstundes er det viktig at planen støttar opp under dei som driv forretning i sentrum, slik at ei ny miljøgate ikkje blir til hinder for drifta, og gjer føreseielege rammevilkår for vidare utvikling og drift. Me har difor følgjande tilbakemeldingar til framlegg til reguleringsplan for Fv542 Miljøgate Svortland sentrum, Plan ID 201514.
- Kompensere for tapte parkeringsplassar. For samtlege næringseigedommar i sentrum, er det viktig at dersom endringa medfører at næringseigedommar får redusert sine P-plasser rundt bygga, må desse bli erstatta i naturleg nærleik, slik at ikkje verdien (bruks- og eigedomsverdi) av desse eigedommane blir redusert. T.d. vil eigedommen der mellom anna Spirit Frisør held til, miste parkeringsplassar utanfor bygget når miljøgata vert bygd. Det er viktig at dette blir kompensert for andre stader, kort veg frå inngangen, ev. ha lommer for parkering på utsida av fotgjengarfeltet/kantparkering.
- Fjerning av parkeringsplassen framom Jernia må ikkje skje. Jernia er ein av dei eldste forretningane i kommunesenteret, og blant dei av butikkane som har lukkast best i sentrum. Ein av dei viktigaste grunnane til dette, er god og enkel tilkomst til butikk, og parkering utanfor. Å fjerne parkeringa i forkant, vil fjerne deira konkurransefortrinn. Det må difor leggjast til rette for at parkeringsplassar framom butikken vert vidareført slik som i dag.
- Føreslår å flytte vegen nordover mot kyrkja og Bømlo bu- og helsesenter. For å gje meir plass til fotgjengarfelt på begge sider av vegen, oppretthalde parkering føre Jernia, foreslår me å flytte vegen nordover (mot kyrkja, BBH), frå rådhuset og fram til nedkjørsle til kyrkja.
- Fin vegg etter riving av gamle Sunnhordland hotell. Ved riving av gamle Sunnhordland hotell, er det viktig at kommunen sikrar at det vert ståande ein fin vegg att etter at bygget er rive, og har ein god dialog med eigar av bygget som vert ståande att i dette arbeidet.
- Sikre markerte overgangar i sentrum. Vegen gjennom kommunesenteret er skulevegen til svært mange barn. Etter skulen går born og ungdom ned til sentrum, og kryssar vegen, for å komme seg til dømes til kulturhuset eller Rema 1000. Me tilrår difor at det vert lagt opp til tydelege og markerte kryssingspunkt i sentrum (t.d. fotgjengarovergangar), der born og unge kan krysse vegen.
- Ha markert fotgjengarovergang øvst i einvegskøyrt gate ned til Prix og innkjøpslaget. Det bør vere teikna opp fotgjengarovergang øvst i einvegskøyrt gate ned til Prix og innkjøpslaget, for å gjere det tydeleg for alle trafikantar at her kryssar folk vegen.
- Lage innkøyrings-/ventefil ved Rådhuset. Når ein kjem frå busstasjonen og køyrer mot rådhuset, bør det lagast til ei innkøyrings-/ventefil for å svinge av inn mot rådhuset/sjukeheimen.
- Setje opp støyskjerming ved kyrkjegarden. Det bør vurderast støyskjerming ved kyrkjegarden, slik at ikkje trafikken vert støyande for gravferder/sørgjande, når ein innfører einvegskøyring her.
- Rute tungtrafikk utanom sentrum. Det er mykje tungtrafikk som køyrer gjennom sentrum. Me ber kommunen vurdere løysingar for å rute denne utanom sentrum, der det er mjuke trafikantar i alle aldrar som beveger seg.
Til slutt ønskjer næringsrådet å kommentere at det er uheldig at planen er avgrensa til delar av sentrum. Hadde ein planlagt miljøgate frå rundkøyringa i Hollundskjosen til rundkøyringa ved Rema 1000, ville ei miljøgate kunne vore med å synleggjere at dette er kommunesenteret, og ein kunne gjeve ein heilskapleg oppleving for dei som svingar innom. Med tanke på plassering av brannstasjon i sentrum, ville det òg vore interessant at ein i planen kom opp med ei løysing for korleis ein løyser trafikkorken som ofte oppstår ved utkøyring frå rådhuset/sjukeheimen.
Næringsrådet ønskjer dessutan å peike på den manglande heilskaplege sentrumsplanen for kommunesenteret. Sist plan vart vedteken i 1989/90, og det har skjedd store endringar i samfunnet sidan den gongen.
Eit sentrum er bygd opp av ulike aktørar som skapar aktivitet, slik som handel- og servicebedrifter, offentlege tenester, kommunale tilbod, aktivitetar, parkar, kulturliv og andre samlingsstader.
Det er seinare år gjort val i kommunen vår, som har lagt offentlege tilbod som barneskule, ungdomsskule, symjehall, kommunale funksjonar, legekontor, og andre offentlege tenestilbod geografisk nær, men samstundes utanfor sentrumskjernen til kommunesenteret vårt.
Dette er alle tilbod som er med å skape aktivitet, og plasseringa utanfor sentrumskjernen, bidrar til å utarma eit sentrum som allereie har store utfordringar. Ein byggjer ikkje opp under næringslivet som har tilhald her, og ein brukar ikkje dei moglegheitene ein har for støtte opp om næringslivet som skapar møteplassar for innbyggjarane, og ikkje minst arbeidsplassar for mange.
Siste 20 år har det blitt meir og meir krevjande å drive innan handel og service. Marginane krympar, og fleire av dei som har starta opp siste åra, har måtta leggja inn årane. Det kan heller ikkje forventast mange nyetablerarar i åra som kjem, då handlemønsteret har endra seg, og fleire og fleire handlar på nett. Det me kan gjere, er å leggje betre til rette for dei som er etablert her, slik at dei kan utvikle seg og levere gode tilbod i framtida òg, og på denne måten fortsette å få alt det me treng i kommunen vår.
Me ber difor om at det snarleg vert sett i gang arbeid med ein heilskapleg sentrumsplan, der ein har som mål å auke aktiviteten i kommunesenteret vårt. Næringslivet står klare til å bidra med sine erfaringar og idear, som vil vere viktige innspel for å sikre at ein ny sentrumsplan vil vere med å utvikle og styrkje næringsaktørane som er etablert i sentrum. Saman kan me sikre eit levande og aktivt kommunesenter for innbyggjarane våre, og gjere Bømlo til ein enno meir attraktiv kommune å besøkje og busetje seg i.
På vegne av medlemsbedrifter innan handel- og servicenæringa,
Nina Ingvaldsen
Dagleg leiar
Bømlo Næringsråd