Meir kraft til Sunnhordlands- og Haugalandsregionen i 2027/28

bilde
Foto: Nikola Johnny Mirkovic, Unsplash

Fredag gav regjeringa Statnett konsesjon til en ny 420 kV-linje fra Blåfalli til Gismarvik. Dette vil føre til meir kraft til Sunnhordlands- og Haugalandsregionen. - Dette er ein av dei flaskehalsane Finnås Kraftlag har løfta fram i kraftrapporten sin, og det er kjekt å sjå at det er no vil bli realisert ei løysing i 2027/28, fortel Nina Ingvaldsen i Bømlo Næringsråd. 

- Samstundes er det slik at kommunar i Sunnhordland vil ikkje få glede av denne krafta før transformatorstasjonen på Stord er oppgradert, legg Ingvaldsen til. - Det er difor viktig at me arbeider vidare saman med Finnås Kraftlag og Invest in Sunnhordland, for å halde trykket oppe for få etablert auka kapasitet gjennom transformatorstasjonen og moglegheit for tilknytting av nytt, større forbruk (over 1 MW) når ny kraft er på plass i 27/28.

Slik planane er hos Statnett nett no, vil ikkje transformatorstasjonen på Stord vere oppgradert før 2030 - 2035. - Det er for lenge til, og vil stoppe næringsutvikling i vår felles bu- og arbeidsregion. Det må ikkje skje, seier Ingvaldsen.

Det er uansett svært gledeleg at det no kjem meir kraft til SKL-ringen, og me må rette ein takk til dei på Haugalandet som har vore pådrivarar og jobba systematisk gjennom fleire år for å sikre meir kraft til regionen vår.

Sjå alle nyhende