Me treng utdanningstilbod for barne- og ungdomsarbeidarar på Bømlo
Torsdag sist veke vart me i næringsrådet gjort kjent med at fylket innstiller på å legge ned vg2 Barne- og ungdomsarbeidar ved Bømlo vgs skuleåret 25/25. Me kontakta umiddelbart varaordførar, kommune, opplæringskontor og private barnehagar til eit møte saman med Utdanningsforbundet, for å få informasjon, og gjera eit koordinert framstøyt inn mot Yrkesfagopplæringsnemnda som har møte i dag, 9. april, og deretter fram mot endeleg vedtak i Hovudutval for opplæring og kompetanse 18. april.
- Det er svært uhelding for arbeidslivet vårt at fylket foreslår å legge ned linja kommande skuleår, og foreslår å flytte elevane til ledige plassar på helsefag på Fitjar eller Kvinnherad. Me risikere no å miste verdifull kompetanse til skular og barnehage, kor me veit det er stort behov for fleire barne- og ungdomsarbeidarar framover, seier dagleg leiar i næringsrådet Nina Ingvaldsen. Høyringssvaret kan de lese her:
Hjelp oss å legge tilhøva til rette for fleire inn i arbeidslivet – ikkje fleire ut!
Viser til sak PS 7/2024 Justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2024/2025, og foreslått reduksjon av linjetilbod på Bømlo vgs. Først og fremst er det gledeleg å sjå at det vert ei auke frå to til tre klassar på vg1 Elektro og datateknologi og vg2 Maritime fag. Det som uroar oss derimot, er følgjande tilråding: «Ved Bømlo vgs syner prognoseinntaket seks primærsøkjarar til 15 plassar på barne- og ungdomsarbeidarfaget. Det er i inntaksområdet ledige plassar på helsearbeidarfaget og avdelingsdirektøren tilrår at klassa ikkje vert sett i gang for komande skuleår.» Desse ledige plassane i inntaksområdet er på Fitjar- og Kvinnherad vgs.
Forslaget om å fjerne vg2 Barne- og ungdomsarbeidar ved Bømlo vgs skuleåret 24/25 vil vere svært dårleg for tilvekst av kompetanse til lokale skular og barnehagar. I arbeidet med pilotprosjektet for Bømlo vidaregåande skule har me formalisert, strukturert og intensivert samarbeid mellom skule- og arbeidsliv, og arbeider målretta på alle trinn på ungdomsskulen med å få ungdom til å søkje utdanningstilbod der lokalt arbeidsliv kan tilby jobb og læreplassar. Søkjartala til utdanningstilboda på Bømlo vgs viser at arbeidet ber frukter.
For barne- og ungdomsarbeidarfaget har dette målretta samarbeidet resultert i at fleire av våre private barnehagar no tek inn lærlingar frå hausten 2024, og fleire er i prosess. Vidare er det utfordringar med tilvekst av kompetanse i barnehagane, slik at behovet for læreplassar framover er forventa å auke. Bømlo kommune har i tillegg fleire læreplassar innan barne- og ungdomsarbeidarfaget i skular på Bømlo, og når det frå hausten av vert gratis SFO for 3. klasse, er det forventa at behovet, og tal på læreplassar, vil auke her òg.
Bømlo har dessverre unge som ikkje fullfører vidaregåande opplæring. Statistikk frå NAV peikar på at 20 % i aldersgruppa 20-29 år står utanfor arbeidslivet i vår kommune. Vidare peikar SSB på at 21 % av dei vaksne utanfor arbeidslivet ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Å be dei elevane som ønskjer å bli barne- og ungdomsarbeidar pendle opp til to timar kvar veg for å bli helsefagarbeidar, slik forslaget tilrår, ser me på som ein risiko for at elevane ikkje klarar å fullføre Vg2-løpet, og bli del av ein statistikk me ønskjer å snu.
Det er seks primærsøkjarar som har søkt seg til vg2 Barne- og ungdomsarbeidar til hausten, og av erfaring veit me at det kjem fleire elevar til før skuleåret startar. På Bømlo har me no så høg opp-fyllingsgrad på dei fleste linjene ved Bømlo vgs, at det er lite rom for sekundærsøkjarar. Det betyr at om ein ikkje set i gang denne linja frå hausten av, får me ein situasjon der dei som ikkje har fullført vgs, som augnar ein moglegheit innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, vil miste denne moglegheita lokalt. Vidare har me busett 229 flyktningar frå Ukraina i kommunen siste åra, og av dei i arbeidsfør alder, er det mange som framleis står utanfor i arbeidslivet. Sjølv om både kommune og næringsliv opnar opp for både språkpraksis og arbeidstrening, viser det seg igjen at grunnleggjande utdanning i botn, som passar til lokalt arbeidsliv, er ein viktig føresetnad for å få fleire ut i arbeid. Eit lokalt vgs-tilbod vil gje kompetanse, i tillegg gode moglegheiter for språktrening, inkludering og ein større sjanse til å komme seg i jobb.
Til sist: Mister me vg2 Barne- og ungdomsarbeidar mister me attraktiviteten til vg1 Helse- og oppvekstfag, ved å skape utryggleik hos søkjarane om valfridom på vg2. Me treng at helse og oppvekstfag på Bømlo vgs vert opplevd som eit attraktivt utdanningstilbod med fleire moglegheiter, slik at flest mogleg av dei som ønskjer det startar eit utdanningsløp som kan gje fleire hender i omsorgsyrket framover. I tillegg er det eit dårleg signal til arbeidslivet å leggje ned eit utdanningsprogram, der det framover er auka etterspørsel etter lærlingar og kompetanse.
Me ber difor at de som politikarar ser dei moglegheitene som finnes ved å oppretthalde eit tilbod for Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar ved Bømlo vgs skuleåret 24/25. Tilbodet er av stor betydning for dei seks ungdommane som ønskjer seg ei framtid i faget, det vil hjelpe oss å legge tilhøva til rette for å fleire inn i arbeidslivet i åra framover, og ikkje minst gje arbeidslivet kompetansen dei treng for å drive gode oppvekst- og læringstilbod i barnehage, skule og SFO framover.
Brevet er signert av
Nina Ingvaldsen, dagleg leiar Bømlo Næringsråd
Kjetil Aga Gjøsæter, kommunedirektør Bømlo kommune
Kjersti Nilsen, styrar Espira Rubbestadnes
Anita Hilt Nøstbakken, styrar Espira Moster