Arbeid med mange politiske saker i vår

bilde
Foto: Utan samarbeid får me lite til! Her er eit knippe leiarar i næringsliv og kommune samla for felles front for Hordfast. Frå venstre: Ragnfrid Sønstabø (Varaordførar), Morten Helland (Ordførar), Jakob Særsten (LOS Gruppen), Are Matthiesen (Siemens Energy), Eli Furnes (Siemens Energy), Øyvind Halleraker (Hordfast), Nina Ingvaldsen (Bømlo Næringsråd), Hans Petter Nesse (Wärtsilä) og Simon Nesse Økland (Bremnes Seashore)

Like etter påske organiserte næringsråd eit møte med næringslivsleiarar, ordførar, varaordførar og kommunedirektør i Bømlo, for å snakke om ein del av dei utfordringane som treff oss her i kommunen og regionen. Tema var Hordfast ute av NTP, kraft- og nettsituasjonen i Sunnhordland, bortfall av kommunal støtte til næringsrådet, foreslått reduksjon i regionalt vgs-tilbod i Sunnhordland og nedtrekk på oppdrettssida.

Her kan du lese litt om sakene, og korleis me saman har jobba for å påverke eller finne løysingar for desse.

Hordfast ute av NTP

80 % av medlemsbedriftene til Bømlo Næringsråd svarar i undersøkingar me har gjort, at Hordfast er det viktigaste samferdsleprosjektet. Hordfast er viktig særleg fordi det vil gje bedriftene ein større bu- og arbeidsregion frå Bergen til Stavanger, noko som vil auke både tilgang på kompetanse, og ikkje minst attraktiviteten til Vestlandet som stad å bu. I tillegg vil det reduser kostnadar på reisetid, og gjere logistikk enklare. For omdømmet vårt som stad å etablere å drive næring, er òg Hordfast viktig. Særleg bedrifter med internasjonalt eigarskap peikar på at Hordfast er eit viktig signal om at Vestlandet vert sett på som ein sentral del av Noreg, og ikkje vert opplevd som ein utilgjengeleg plass å reise til og frå.

Etter møtet i april har følgjande blitt gjort:

  • Laga ein felles høyringsuttale om Hordfast til Transport- og kommunikasjonskomiteen frå Bømlo Næringsråd. Bedrifter og kommune har i tillegg sendt inn sine eigne.
  • Næringsråd og varaordførar deltok på halvdagskonferansen «Det er vår tur» i Bergen, for å synleggjere vårt engasjement, og få dette fram til politikarar i Vestland og nasjonalt.
  • Bømlo Næringsråd deltok på aksjonssamling i Oslo saman med varaordførar der Hordfast tok med næringsråd, næringsliv, arbeidslivsorganisasjonar m.fl. og møtte sentrale Stortingspolitikarar for å dele bodskapen frå Vestlandet. Frå næringslivet på Bømlo var både Bremnes Seashore og LOS Gruppen representert.

Kraft- og nettsituasjonen

Fram mot 2028 er det ikkje kapasitet i nettet til utviding eller etablering av næring som krev meir enn 1 MW straum på Bømlo. Nær alle andre stader i Noreg vil ein få 5 MW utan å måtte søkje Statnett. På dialogmøte med Statnett i Haugesund i mai, fekk me i tillegg vite at det er mogleg å få til løysingar med tilkopling på vilkår ned til 1 MW, men at dette er krevjande for Stord/Bømlo grunna kapasitetsutfordringa med Stord trafo. Dei oppmodar likevel bedrifter om å søkje, då dei heile vegen leitar etter løysingar for å få til tilknyting.

Om nettkapasiteten i Sunnhordland hadde vore stor nok, er det uansett ikkje særleg mykje tilgjengeleg kraft i ovanliggjande nett. Bømlo har investert store summar i nye vegar, regulering og utviding av næringsområde og investeringar i vatn og avløp, men me manglar altså kraft til å hente ut gevinstpotensiale i investeringane gjort.

Energiproduksjon lokalt vil ikkje gje tilknyting av nytt forbruk til Bømlo, då søknad om kraft hamnar i ein prioriteringskø hos Fagne, der første som søkte og har modent nok prosjekt, får kraft først. Eit større kraftproduserande felt på Bømlo, kan derimot gje ein ein annan verid. Nemleg rimelegare anleggsbidrag for bedrifter som tilknyter seg nytt forbruk, og lågare nettleige for innbyggjarar. Dette forutset at produksjonen er stor nok, og plasseringa av kraftproduserande anlegg er plassert slik at kraftutbyggjar må ta større del av rekninga ved nettutbygginga for å få føre straum attende på regional-nettet. Det er òg slik at NVE prioriterer søknader om nettutbygging der det vert lagt opp til kraftproduksjon, og har i tillegg Bømlo ein KPA som peikar på areal for kraftproduksjon, vil ein få prioritet i køen på konsesjonsutbygging av nytt nett.

Etter møtet i april har difor følgjande blitt gjort:

Bortfall av kommunal støtte til næringsrådet

Bømlo Næringsråd mister kommunal støtte på 700 000 kr i året frå 2025. Då har ein i praksis ikkje råd til tilsette slik finansieringsmodellen til næringsrådet er i dag. Ein risikerer òg at samarbeidspartnarar er mindre villige til å sponse næringsrådet dersom aktiviteten går ned, då ein får mindre att for bidraget. For å sikre at ein kan ha ein fast person tilsett i næringsrådet frå 2025, må ein auke medlemsavgifta, og sikre fleire samarbeidspartnarar som bidrar med høgare enn ordinær medlemskontingent i ein periode fram i tid.

Etter møtet i april har følgjande blitt gjort:

  • Næringsrådet undersøkte moglegheita til å doble medlemskontingenten frå 2025 på årsmøtet. Samtlege gav positive svar til dette.
  • Styret i næringsrådet har hatt ei strategisamling og sett på prioritering av oppgåver med redusert kapasitet i næringsrådet
  • Styret har gått ut og informert om endringar som skjer i næringsrådet, inkludert at dagens tilsette har starta konsulent- og rådgjevingsfirma, og forlet næringsrådet frå hhv. september og januar.
  • Styreleiar har kontakta 15 av dei største bedriftene i næringsrådet og høyrt om dei vil bidra med ein høgare kontingent (gullkontingent), med intensjon om 3 år
  • Det blir gjennomført eit medlemsmøte for å orientere om status, og forankre at medlemskontingenten vert dobla i 2025. Om dette går i orden, vil det bli lyst ut stilling som dagleg leiar i næringsrådet frå januar 2025.

Det må til slutt seiast at næringslivet på Bømlo har vist stor vilje til å finansiere ein stilling som kan arbeide vidare for næringslivet på Bømlo, på den plattformen som er etablert av sitjande administrasjon siste tre år.

Foreslått reduksjon i regionalt vgs-tilbod i Sunnhordland

Me står i fare for å mister kreative linjer, musikk, dans, drama, kunst og handverksfag (frisørar, blomedekoratørar) i regionen. Dette fører til at ungdom må flytte vekk frå Sunnhordland når dei er 16 år, noko som gjer det mindre sannsynleg at dei byggjer nettverk lokalt og flyttar attende. Færre lokale tilbod fører og til at me vert ein mindre attraktiv region å flytte til. Me bør ha eit godt vgs- tilbod i regionen. Sjølv om ikkje alle klassar har høg oppfyllingsgrad, treng næringslivet kompetansen.

Etter møtet i april har følgjande blitt gjort:

• Bømlo Næringsråd deltok på informasjonsmøtet til fylke på Stord vgs 15. april, og hadde eit innlegg om saka, og har sendt inn ein høyringsuttale til foreslått tilbodsstruktur.

• Samstundes kom forslag om å ikkje starte opp vg2 Barne og ungdomsarbeidar ved Bømlo vgs hausten 2023. Me vart kontakta av Utdanningsforbundet på Bømlo, og hadde ein god prosess saman med varaordførar og kommunedirektør. Næringsrådet skreiv uttale, varaordførar ringde rundt til politikarar i fylket og kommunen sende òg ein uttale i saka.

Nedtrekk på oppdrettssida

Oppdrettarane har i år igjen fått raudt lys i PO3 og PO4, og må ta ned produksjonen med 6 %. Dette får følgjer for lokale arbeidsplassar i oppdrettsnæringa, og gjer i tillegg negative ringverknader for støttenæringane rundt; dei som fraktar fisk, foredlar fisk, skipsverft osb. Manglande avklaringar og tilhøyrande uro kring rammebetingelsar i havbruksnæringa kan få store for drift, effektivitet, investeringar og vekst.

Etter møtet i april har følgjande blitt gjort:

  • Varaordførar deltok på årsmøte i nettverk for fjord- og kystkommunar, der ho møtte med fleire sentrale politikarar for å løfte denne saka, og forklare kor viktig det er å gje næringa avklaringar på sentrale spørsmål, og følgjer dette opp vidare.

Saka er elles krevjande å arbeide med, då politikarar peikar på at ein må vente til Havbruksmeldinga vert lagt fram. Arbeidet med å legge fram denne havbruksmeldinga tek tid, og verkar stadig å bli forseinka. Her legg interesseorganisasjonar for næringa trykk på myndigheitene. Næringsrådet vil sjå på Havbruksmeldinga saman med oppdrettsnæringa når den vert lagt fram, og vurdere fleire tiltak etter dette.

Sjå alle nyhende