Lyst på kortreist mat og musikk? Hugs å melde deg på Bømlakonferansen 2024!

bilde

På konferansen i år kjem Sikje Småbruk, Sakseide Gartneri og Snill Bonde og deler historiar og erfaringar frå deira arbeid gjennom mange år. Etterpå går turen til HiSio, der det blir Kortreiste Smaksgleder, med ingrediensar frå desse tre bedriftene.

Det blir trerettars middag, og det ryktast om hovudrett som har beita på bakkane til Snill Bonde no i vår, kokt saman med kål som vart sådd hos Sikje i vår, og grønsaker frå Sakseide Gartneri.

Til maten vert det servert kortreist tradisjonsrik musikk frå Kystsonglaget.

Fullt konferanseprogram og informasjon om påmelding finn du her, Bømlakonferansen 2024.

Konferansen er sponsa av Sparebanken Vest og Tubilah.

Sjå alle nyhende