Lokale alternative for julebord og julegåver til tilsette

bilde
Foto: Kira auf der Heide, Unsplash

Det er mindre enn tre månader att til jul, og i næringslivet er det mange bedrifter som no planlegg julebord. Fleire har òg gjerne tankar om å gje sine tilsette ei lita gåve, for å vise at dei set pris på den jobben dei gjer gjennom året. Me i Bømlo Næringsråd vil difor gjere alle merksame på, at alt dette kan løysast lokalt.

Næringsrådet har omlag 100 medlemsbedrifter innan handel og service, som sysselsett meir enn 650 personar gjennom 450 årsverk. Samla sett er bedrifter innan denne næringa ein av dei største arbeidsgjevarane på Bømlo. I tillegg til fast tilsette har dei om lag 130 ungdommar i deltidsstillingar, og 110 ungdommar i sommarjobb gjennom året, og sponsar lag- og organisasjonslivet med meir enn 2 MNOK over heile øya.

Våre medlemsbedrifter kan tilby julebord og matservering, kan transportere deg og dine til og frå festen med bil eller båt, og me har mange aktørar som kan levere fint, ferdig innpakka julegåver til dine tilsette. Sjekk ut kva som finnes av moglegheiter blant handel- og servicebedriftene på nettstaden vår, eller klikk deg rundt på Opplev Bømlo.

Sjå alle nyhende