Leite rundt i bedriftsmangekampen

bilde
Foto: Steinsbø Hus

I går var deltakarar samla for andre øvelse av det nye konseptet Bedriftsmangekamp, på initativ av U37 Bømlo. Sesongens andre øvelse var orientering, og orienteringsgruppa i Bremnes Idrettslag hadde laga til ei løype med utgangspunkt i Sentralidrettsanlegget på Leite.

Orienteringsgruppa i Bremnes Idrettslag v/John Olav Alvsvåg, Øyvind Skålevik og Torbjørn Agdestein hadde laga til ei såkalla "sprintløype" i forkant av gårsdagens øvelse. Kvart lag på 5 skulle ta seg samla gjennom løypa som var på ca. 4,5 km i luftlinje - men mellom 6-7km totalt i følgje laga som gjennomførte. Tida stoppa ikkje før dei hadde vore innom alle postar og siste deltakar kom over målstreken.

Orienteringsgruppa, her ved Øyvind Skålevik, John Olav Alvsvåg og Kjell Haugland

Kvart lag fekk utdelt eit kart og ei brikke, før dei satte i gong med jakten på heile 20 postar. Løypa gjekk stort sett på veg og skogsveg, men ein måtte og nokre turar ut i terrenget. Det vart jamnt i toppen, men til slutt var det Steinsbø Hus som gjennomførte løypa på kortast tid. Vinnarane frå forrige øvelse, LOS Elektro sitt lag "Avdanka", kom inn på andreplass og held med det tabelltoppen. "Kraftlaget" (Finnås Kraftlag) tok ein sterk tredjeplass, og klatrar på tabellen.

Andreplassen LOS Elektro - "Avdanka"

Sjølv om enkelte gjennomførte med våte sko og rennande svette var tilbakemeldingane svært gode på at dette var ein kjekk aktivitet å gjere saman med kollegar. Orienteringsgruppa hadde med seg konvoluttar med orienteringskart som deltakarane kunne kjøpe, og desse var det fleire nyfrelste orienteringsløparar som fekk med seg heim. Desse kan ein kjøpe på Esso-stasjonane på Svortland og Innvær dersom fleire vil prøve seg på turorientering.

Wärtsilä 1 ute i løypa

Bømlo Brann og Redning før start

Orienteringskarta som laga fekk utdelt

Styringsgruppa i U37 representert ved Mari Pedersen Totlang og Joakim Tverborgvik

Styringsgruppa i U37 ønskjer å rette ei stor takk til orienteringsgruppa i Bremnes Idrettslag for å ha laga til ein så kjekk øvelse for oss! Neste øvelse vert femathlon, meir info om denne kjem snart.

Sjå alle nyhende