Leiarskifte og storkontrakt hos multiSAFE

bilde
Foto: Ny dagleg leiar Hallgeir Goa Myhre til venstre, saman med styreleiar Svein Martens. Bilete: multiSAFE.

1. juni tok Hallgeir Goa Myhre fatt på stillinga som dagleg leiar stillinga i multiSAFE. Myhre har bakgrunn som elektrikar, og har jobba i selskapet sidan 2021 som driftsleiar. I tillegg har selskapet nettopp signert ein stor og viktig rammeavtale med Aker Solutions.

multiSAFE har sidan 2021 fleirdobla både omsettinga og ansette. Selskapet har også gjort namnebyte, flytta lokasjon, laga butikk og kurssenter. multiSAFE er lokalisert i Hollundsdalen på Bømlo og har marknaden sin i heile Sunnhordland.

Hallgeir Goa Myhre fortel at han gler seg veldig til å begynna i stillinga, og ser gode moglegheiter for utvikling, både for multiSAFE og for seg personleg.

- Styret i multiSAFE er svært glade for å ha Hallgeir signert som dagleg leiar. Me er heilt sikkert på at me har rett mann på rett plass og at bedrifta har stødig kurs mot framtida, fortel styreleiar Svein Martens.

Storkontrakt
⁠multiSAFE har i tillegg inngått rammeavtale med Aker Solutions, innan service og vedlikehald av brannsløkkingsutstyr på heile Aker Solutions AS sitt Verft på Stord. Rammeavtala gjeld for 2 år med opsjon for ytterligere 2+2 år.'

multiSAFE har gjort nokre store steg dei siste åra, og med denne nye kontrakten er dei no ein av dei største leverandørane på sal og service av sikkerheits utstyr i vårt område.

Bømlo Næringsråd gratulerer med både ny leiar og stor kontrakt!

Sjå alle nyhende