Kunstig intelligens til frukost
Fredagen starta i dag i Moster Amfi, der iteam inviterte til frukostmøte om kunstig intelligens. Eit tema alle bør ha høgt på agendaen for 2024.
Dei aller fleste har nok høyrt om kunstig intelligens, og fleire har nok eksperimentert med verktøy som ChatGPT og liknande. På dette frukostmøtet prata Gaute Lund, senior IT-konsulent i iteam, om fordelane med kunstig intelligens, men og litt dei meir "nifse" sidene ved auka bruk av kunstig intelligens.
Denne veka vart Microsoft Copilot for Microsoft 365 lansert for allmennheita. Dette er eit verktøy som brukar kunstig intelligens til å utføre ulike handlingar for deg i Microsoft 365-universet. Dette er eit verktøy som iteam no tilbyr sine kundar, og Gaute meiner dette kan vere eit effektivt verktøy spesielt for dei som leverer mykje av sine tenestar frå ein datamaskin. Men organisasjonar må først forstå kva dei seier ja til, og ikkje misnt ha orden på tilgangsstyringa på dokumenta sine før dei rullar slikt ut, viss ikkje kan det fort oppstå uønska hendingar.
Kunstig intelligens er eit høgaktuelt tema for tida som me alle bør kunne noko om, så me takkar for eit spanande og informativt frukostmøte!