Kortreiste konsulenttenester til næringslivet i Sunnhordland

bilde

Frå 1. september 2024 vil det nyoppstarta konsulent- og rådgjevingsselskapet Ydda tilby kortreiste konsulenttenester til næringslivet i Sunnhordland. Det er Nina Ingvaldsen og Mari Pedersen Totland frå Bømlo Næringsråd som har gått saman og etablert selskapet, og ønskjer å skape ein ny arbeidsplass som kan vere med å utvikle næringslivet i regionen.

- Me ser at mange bedrifter etterspør å leige inn kompetanse som me har på ulike prosjekt, og at det er begrensa med slik kompetanse i regionen, fortel dagleg leiar i Ydda Mari Pedersen Totland. Ydda spesialiserer seg på å levere prosjektleiingskompetanse, endringsleiing, støtte til kartleggingar, analysar, IT-anskaffingar og kommunikasjon- og marknadsføringsarbeid.

- I dag må ein gjerne til større byar på Vestlandet for å få leigd inn slik kompetanse, men frå september kan ein altså få tilgang til denne kompetansen lokalt. Ta gjerne kontakt med oss om ein ønskjer meir informasjon, fortel Totland.

Totland arbeider i Bømlo Næringsråd ut året, og er tilgjengeleg for oppdrag frå januar 2025, medan Ingvaldsen er tilgjenglege for oppdrag frå september i år.

Ydda – å skyta knopp

Selskapet heiter altså Ydda, som betyr å skyta knopp. – Me fann namnet i ei dialektordbok frå Bømlo, og sidan me er ei knoppskyting frå Bømlo Næringsråd, passa det godt, fortel Totland.

Det er Nina Ingvaldsen som først startar å arbeide i Ydda no i haust, og så kjem Mari Pedersen Totland på plass over nyttår. – Det er viktig for oss å sikre ei god og ryddig drift av næringsrådet fram til ny leiar vonleg er på plass over nyttår, fortel Ingvaldsen. – Me har brukt mykje tid og ressursar saman med medlemsbedriftene på å bygge opp ein god grunnmur og eit høgt aktivitetsnivå i Bømlo Næringsråd, og det er viktig for oss at dette blir ført vidare på ein god måte. Og eg må berre få seie, at det har vore ein utruleg kjekk og givande jobb å vere leiar for eit næringsråd med så mange dyktige, framoverlente, engasjerte og kjekke medlemsbedrifter.

Ein arbeidsplass for å få fleire heim igjen

– I 2005 var eg nyutdanna sivilingeniør i data, og det var vanskeleg for meg å få fast jobb i Sunnhordland eller på Vestlandet. I Oslo var det ein heilt annan arbeidsmarknad for nyutdanna, der bedriftene hadde målretta kampanjar for å sikre seg nyutdanna kompetanse frå høgskular og universitet, fortel Ingvaldsen. – Når eg vart kjent med Mari i 2022, såg me at ting ikkje var særleg annleis 14 år seinare, og då tenkte me begge at dette må me gjere noko med.

Gjennom arbeidet i næringsrådet har dei nemleg begge sett at kompetansen dei har er det mange bedrifter i regionen som har bruk for, men gjerne ikkje i fulltidsstillingar. – Det at bedriftene ikkje har bruk for kompetansen vår heile tida, gjer at dei gjerne ikkje har, eller har få, folk på kontoret med kompetanse til å støtte nyutdanna som kjem rett frå universitetet og inn i arbeidslivet, fortel Totland. – Samstundes ser me at regionen har bruk for fleire som oss. Me ønskjer difor å tilby trainee-stillingar som ein teneste frå hausten 2025, der nyutdanna kan arbeide ute i bedrifter på prosjekt, og der me tar på oss oppgåva som fagleg leiar.

Ønskjer du å bli betre kjent med Ydda, sjekk ut https://www.ydda.no/ for kontaktinformasjon.

Sjå alle nyhende